Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Dette kan til dømes vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrringar, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skulevegring, m.m. Vi består av både poliklinikkar (BUP) og sengepostar.

Informasjon om psykiske vansker

I Klinikk psykisk helsevern for barn og unge jobbar menneske med forskjellig utdanning innan psykisk helsearbeid. Det gjeld både sjukehusavdelingane og poliklinikkane. Som regel vert du først tilvist ein poliklinikk ikkje langt frå der du bor. Her blir du teke godt imot av ein eller to personar som vil snakke med deg om korleis du har det. Saman med deg og din familie finn vi ut kva vi kan gjere, for at du skal få det betre.

Nokre av pasientane våre treng i ein periode litt tettare oppfølging enn ein poliklinikk kan tilby. Dei kan få hjelp på ein av dei tre sjukehuspostane våre.

På poliklinikkane vert ingen lagt inn. Du kjem til avtalt tid, og reiser heim igjen etter samtalen med behandlaren din. BUP samarbeider med deg og / eller foreldra dine om kva type hjelp du skal få. Behandlingstilbodet kan bestå av individualsamtalar, gruppebehandling, familiebehandling og eventuelt medikamentell behandling. I tillegg  vert det arrangert informasjonsgrupper for føresatte.

BUP jobbar også saman med andre offentlege instansar, som for eksempel skule / barnehage, fastlege, helsesyster og barnevern, for å finne fram til det beste behandlingstilbodet for pasientane våre. BUP kan også kontakte kommunen der du bor, for å melde behov for individuell plan. Du kan lese meir om individuell plan på nettsiden til Helsenorge.no.

Dersom det viser seg at du har behov for meir hjelp enn poliklinisk behandling, vil din behandlar ved poliklinikken tilvise deg vidare til innlegging i ein av klinikken sine sjukehusposter, eller til meir spesialisert utgreiing ein annan stad på sjukehuset. Dei fleste pasientar som kjem til oss blir betre av å snakke med profesjonelle hjelparar i løpet av nokre månader. Nokon har behov for oppfølging over lengre tid.

Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har sju allmennpoliklinikkar (BUP) med ulikt geografisk ansvar, og tre sengepostar.
Tilvisingar til Helse Bergen frå andre helseregionar kan gjerast med bakgrunn i Fritt behandlingsval. Lege, psykolog, leiar for barnevernstenesta, og leiar for NAV kommune (sosialtenesta) kan tilvise til BUP.

Les meir om tilvisingsrutinar, hastevurderingar og akuttpsykiatrisk hjelp for barn og unge

Pakkeforløp for psykiske lidingar hos barn og unge skal bidra til at du får heilskapleg utgreiing og behandling utan at du må vente unødig. For å sikre god oppfølging og unngå unødig venting, har vi det som blir kalla forløpskoordinatorar. Forløpskoordinatoren kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i behandlinga di.

Les meir om pakkeforløp og forløpskoordinator

Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen. I Helse Bergen er det sju allmennpoliklinikkar, som har ansvar for kvart sitt geografiske område:

 

Oppmøtestad finn de ved å trykke på lenka til aktuell eininga under:


Poliklinikk:

 Spesialteam:

Sengeposter:

I tillegg til disse seks poliklikker har Helse Bergen to spesialiserte tenester; Ambulante tenester og Spesialpoliklinikken. Ambulante tenester samarbeider med kolleger i poliklinikk. Dei kan til dømes gå på heimebesøk. Spesialpoliklinikken er spesialisert på pasientar med autisme, Aspergers syndrom, og pasientar som treng nevro-psykologisk utgreiing.

BUP jobbar også saman med andre instansar, som for eksempel skule, fastlege, PPT og helsesyster, for å finne fram til det beste behandlingstilbodet for den einskilde, også etter at pasientane våre er skriven ut frå Klinikk PBU. I nokre tilfelle blir barn eller ungdom lagt inn ved ein av sengepostane.

Seksjon for Ambulante tenester tilbyr barn og unge med psykiske vanskar heimebasert behandling, i samarbeid med den lokale poliklinikken for barn og unge med psykiske vanskar (BUP). Alle barn som får eit tilbod frå Ambulante tenester har allereie eit tilbod frå poliklinikk eller døgnavdeling. Behandlar på poliklinikk eller ved døgnavdeling tek kontakt med Ambulante tenester.

Les meir om Ambulante tenester sitt tilbod

Nokre barn og ungdom treng å bli innlagt, for å få ytterlegare hjelp til vanskane sine. Til dømes når det polikliniske tilbodet ikkje er tilstrekkeleg. Sengepostane samarbeider tett med poliklinikkane. Innlegging vert som regel planlagt som eit ledd i behandlinga (gjeld ikkje øyeblikkelig hjelp eller innlegging på tvang). Dette skjer i samarbeid med pasient, føresette og poliklinikken.

Målet med ei innlegging er å hjelpe barn / ungdom og familien med å finne gode måter å mestre vanskane på, som også kan brukast når barnet / ungdommen har kome heim igjen. Det er heilt individuelt kor lenge barn / ungdom er innlagt hos oss. Det er avhengig av behov.  Dei fleste som er innlagt går på skulen, som er tilknytt sjukehuset.

 

Kontakt

Sentralbord

Ring sentralbord ved dei ulike BUP-ane for informasjon om forløpskoordinator for dei ulike pakkeforløpa.

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.

Kurs og arrangement

Kurs haust 2024

Tyngdepunkt for Utviklingsforstyrringar hjå Skulebarn (TUS) har i oppgåve å styrke det samla behandlingstilbodet i PBU for barn og unge med autismespektertilstander og andre samansette nevroutviklingsforstyrringar. TUS hjelper med konsultasjon i oppfølging av pasientar, kurs for foreldre og fagfolk. 

Les meir om våre kurs hausten 2024
Illustrasjon av et hode sammensatt av puslespillbiter i mange farger

Undervisningsopplegg om pubertet og seksualitet

Vi har utarbeida eit undervisningsopplegg for barn og unge med Asperger syndrom og høgtfungarende autisme. Meininga er å kunne ta opp tema omkring pubertet og seksualitet på ein visuell, konkret og strukturert måte.
Les meir om undervisningsopplegget

Klinikk for 4-dagars behandling / OCD-teamet

Vi behandlar barn, ungdom og vaksne med Obsessive Compulsive Disorder (OCD), ei liding med tilbakevendande tvangstankar og/eller tvangslidingar.
Les meir om 4-dagars behandling
Utsiktsbilde på kvelden med utsikt mot Bergen og Møhlenpris mot silhuetten av Ulriken sett fra Puddefjordsbroen. Foto