Spesialpoliklinikken

Spesialpoliklinikken har to team; Autismeteamet og Nevroteamet.

Les meir om Spesialpoliklinikken

Spesialpoliklinikken

Tilvising

Utgreiing og behandling i Spesialpoliklinikken er ei vidareføring av ein eksisterande behandlingskontakt i den lokale barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikken barnet sokner til. Dette inneber at primærtilvisinga sendast til allmennpoliklinikk. Det er allmennpoliklinikken som vurderer om det er behov for bistand frå Spesialpoliklinikken.

Konsultasjonar og rettleiing

Spesialpoliklinikken skal medverke til kompetanseheving i Klinikk PBU og gi konsultasjon og rettleiing i pasientsaker. Fagteam ved Spesialpoliklinikken er tverrfagleg samansett. Som ein del av fylket si spesialistteneste vert det gitt fråsegn til Fylkesmannen i samband med kap. 9 om avgrensingar og kontroll i bruk av makt og tvang.

Skal du melde deg på kurs? Gå til utlistinga av arrangementa våre nederst på sida!

Autismeteamet

Autismeteamet kan bistå allmennpoliklinikken i utgreiing av barn med autismespektertilstandar. Utgreiinga vert som hovudregel gjennomført poliklinisk og i barnet sitt eige miljø.

Utgreiinga skjer vanlegvis over ei veke, og består av observasjon, diagnostiske testar, intervju, observasjonar og legeundersøking. Autismeteamet er tverrfagleg samansett. Om det er grunnlag for det kan Autismeteamet bistå lokal allmennpoliklinikk med rettleiing, behandling og oppfølging av barnet.

Autismespekterforstyrring hos barn og unge - brosjyre (pdf)

 

Foreldreprogram
Hausten 2015 starta Autismeteamet opp foreldreprogram for foreldre med barn i alderen 3 til 8 år som har ei autismespekterforstyrring. Les meir om Autismeteamets foreldreprogram i kurskatalogen til Spesialpoliklinikken:

Kurskatalog - Spesialpoliklinikken (pdf)

Kursinformasjon
Alle kurs har eit begrensa antal plasser. Du vil motta ordrebekrefting på at du har fått plass. Er kurset fulltegna eller påmeldingsfristen gått ut, vil det ikkje vere mogeleg å melde seg på kurset. Det vil ikkje lenger vere mogeleg å melde seg på kurs via e-post adressa vår

Avmelding må gjerast innan 1 veke før kursstart pr. e- post: rmb_hbepbu_autist@ihelse.net viss man ønskjer refusjon av kursavgifta.

Nevroteamet

Nevroteamet tek imot tilvisingar for barn med samansette psykiske vanskar, og der det er mistanke om nevropsykologisk svikt.

Nevroteamet utgreiar ofte gjennomgripande utviklingsforstyrringar, barn som mistar ferdigheiter, eller som presterer dårlegare enn ein skulle forvente ut frå evnenivået. Ei nevropsykologisk utgreiing kan gi eit betre bilete av barnet sine sterke og svake sider. Den kan også gi grunnlag for vidare utgreiing.

Kontakt

Oppmøtestad
Spesialpoliklinikken held til i Barne- og ungdomssjukehuset, Blokk 2, 3. etasje i Haukelandsbakken 15.

 

Logg inn for å endre time

Telefon
55 97 44 53
E-post

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Barne- og ungdomssjukehuset

​Det er innkøyring til Barne- og ungdomssjukehuset frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Barne- og ungdomssjukehuset.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Barne- og ungdomssjukehuset innandørs via tunnelsystemet.