Kven er vi
I Energiteamet PBU er kunnskap og personleg engasjement vel så viktig som fagfelt. Energiteamet PBU består av lege, sjukepleiarar, fysioterapeutar og folkehelsearbeidar. Teamet har brei og variert erfaring frå psykisk helsearbeid, samt eigenerfaring og trenarerfaring frå ulike idrettar.
Kontaktinformasjon
Oppmøtestad
Har du time hos hos Energiteamet PBU møter du opp i Glasblokkene, ved resepsjonen.
Besøksadresse
Haukelandsbakken 15 (kart)
5021 Bergen
Telefon
480 19 012
Telefonen blir hovudsakleg besvart tirsdagar, torsdag og fredagar kl 09:00-14:00, mandagar og onsdager kl 09:00-11:00. Utover desse tidenen oppfordrar vi dykk til å sende tekstmelding.
Andre førespurnader
For førespurnader som ikkje gjeld trening eller praktiske spørsmål, ber vi dykk sende epost til:
paul.joachim.bloch.thorsen@helse-bergen.no
Buss og bybane
Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsrutar mellom bydelande og sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.
Busstoppa rundt Haukeland:
Haukeland nord, Haukeland sør, Ibsensgate, og Ulriksdal.
Nærmaste stoppestad med bybane til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkering Glasblokkene
Det er innkjøyring til Glassblokkene frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Glassblokkene. Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.
Meir informasjon om parkering på Haukeland Universitetssjukehus
Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glassblokkene innandørs via tunnelsystemet.