HELSENORGE

Karttenesta Finne fram

Den digitale karttenesta Finne fram er no til utprøving. Denne skal gjere det lettare å planlegge reisa til sjukehuset og finne fram på sjukehusområdet. Marie Joy`s Hus og Barne og Ungdomssjukehuset er dei første bygga som testar Finne fram.


Med den nye karttenesta skal du kunne:

  • på førehand finne oppmøtestaden som er opplyst i innkallingsbrevet.
  • planleggje ruta frå avreisestaden din til den avtalte oppmøtestaden på sjukehuset (google maps).
  • få tilsend ei lenkje (url) til mobiltelefonen som SMS eller som e-post, som gjer det enklare å hente fram siste aktuelle søk.
  • nytte alle typar nettlesarar, smarte einingar og PC-ar.

På utvalde område på sjukehuset vil du finne våre Finne Fram sjølvbetjeningsskjermar som du kan nytte deg av. Desse vil merkast tydeleg med skilt « Slik finn du fram på sjukehuset»

Du kan sjølvsagt framleis ta kontakt med resepsjonen eller ein av våre frivillige i raude vestar for å få hjelp til det du måtta ønskje.

Tilbakemeldingar

Tenesta er enno ein pilot i eit avgrensa område på sjukehuset.
Du vil kanskje kunne oppleve nokre feil eller unøyaktigheiter i løysinga. Vi er opptekne av at denne tenesta skal bli så bra som mogleg. Vi er derfor svært takknemlege for tilbakemeldingar, slik at tenesta kan bli betre.

Bruk tilbakemeldingsfunksjonen nedst på sida

Fann du det du leita etter?