Energisenteret for barn og unge

På Energisenteret for barn og unge har vi som mål å auke meistring og fellesskap gjennom fysisk aktivitet og forsking for barn og unge med særskilte behov. Senteret sine lokaliteter nyttast på tvers av klinikkar og avdelingar på sjukehuset, samt av eksterne aktører. Sjå lengre nede på denne sida for meir informasjon om våre ulike aktivitetstilbod.
Gymsal i Energisenteret
 
Les meir om tilboda til Energisenteret for barn og unge

Energisenteret for barn og unge

Energisenteret for barn og unge jobbar for at barn og unge med særskilte behov skal få ha moglegheit til å være i fysisk aktivitet på lik linje som sine jamnaldrande. Vi jobbar på tvers av avdelingar og klinikkar på sjukehuset, og vi har tette samarbeid med eksterne aktørar som jobbar med fysisk aktivitet for barn og unge. På denne måten kan vi være med å legge til rette for at born og unge både skal kunne være fysisk aktiv på sjukehuset, men også på heimstaden sin.


Vår eining – leiing og organisering

  • Seksjonsleder: Lars Peder Vatshelle Bovim
  • Assisterande seksjonsleiar: Malene Joensen
  • Badevakt: Kawan Ali
  • Alt-mogleg-mann: Martin Espedal
  • Energivertar: Henrik Hvidsten, Vegard Sandven, Åshild Milde

Klinikkar og avdelingar som er aktørar i Energisenteret

Forsking, formidling og samarbeid

Kunnskap og kompetanse må utviklast i fellesskap, og integrering skjer best på heimstaden. Energisenteret har difor mange samarbeidspartnare og prosjekt som går ut over Helse Bergen sine grensar. Vi er også opne for nye samarbeid, så ta gjerne kontakt om du tenkjer det kan vere aktuelt.

  

 
 

Logo Energisenteret

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad

Energisenteret held til i Glasblokkene. Meld frå i resepsjonen når du kjem.
Telefon
55 97 77 70
Har du spørsmål? Kontakt leiarteamet ved Energisenteret
Lars Peder V. Bovim | e-post lars.peder.vatshelle.bovim@helse-bergen.no
Malene Joensen | e-post malene.joensen@helse-bergen.no
Glasblokkene
Besøksadresse
Haukelandsbakken 15(Kart)
5021 Bergen
Telefon
55 97 50 00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Glasblokkene

​Det er innkøyring til Glasblokkene frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Glasblokkene.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

  • Foto: Løping på tredemølleUtredning- og behandlingstilbod

    Energisenteret blir nytta til utredning og behandling på tvers av klinikkar og avdelingar på sjukehuset.

  • Aktivitetar i bassenget og gymsalen

    Gymsalen og bassenget på Energisenteret vert nytta til aktivitet og moro som ikkje krev henvisning frå lege. Her kan du lese meir om dei ulike tilboda, og sjå om ein av aktivitetane passar deg.

  • Aktivitetar på heimstaden

    Fysisk aktivitet er viktig. Vårt mål er å hjelpe deg å finne ein aktivitet du trivast med og har lett tilgjengeleg i nærleiken av der du bur.

  • Pause frå sjukehuskvardagen

    Kvardagen på sjukehuset inneheld mykje venting og tolmod. For å gjere kvardagen kjekkare for born og unge har vi ulike aktivitetar som kan anses som pauser frå livet som inneliggjande her på sjukehuset.

Arrangement

Fann du det du leita etter?