Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Barn og ungdom

Hei du! Denne nettsida er laga spesielt for deg. Her vil du finne informasjon om kva BUP er, og om korleis vi jobbar.

Silhuetter av ungdom. Illustrasjon

​​​​​​​​​​​​​​​​​Ein BUP er ein poliklinikk, eit slags kontor, der barn og ungdom under 18 år og foreldra deira får hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Du kjem til avtalt tid, og kan dra heim igjen etter timen.

BUP jobbar også saman med andre, for eksempel skule og helsesjukepleiar, for å finne ut korleis vi kan hjelpe deg på best mogleg måte. 

Nokre barn og ungdom treng i ein periode tettare oppfølging, og då kan dei bli innlagt på ein sjukehuspost. ​Desse er annleis enn dei vanlege sjukehuspostane. Alle får sitt eige rom, og det er andre barn / ungdommar som du kan prate og vere saman med. På sjukehuset er det alltid personale til stades.

Informasjon om psykiske vanskar 

Når du får vonde tanker er det veldig viktig at du tek kontakt med ein vaksen som du er trygg på. ​Det er alltid nokon du kan prate med om det du synast er vanskeleg. Det kan vere ein lærar, ein nabo, ein tante eller onkel, helsesjukepleiar på skulen, og sjølvsagt foreldra dine.

Det er ingenting som er dumt å spørre om. Ikkje vent for lenge, det er alltid betre å snakke om det du slit med enn å halde tyst. Og enda betre, det er alltid hjelp å få. Også for deg.

På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om dei vanskane barn og unge ofte slit med. Dei fleste barn og ungdom kjem til BUP saman med foreldra sine første gongen.

Det er sjølvsagt litt avhengig av kor gammal du er, men vi ser at barn og ungdom stort sett er glade for at far og / eller mor er med på nokre av samtalane. Spesielt første gongen kan det vere litt rart for dei fleste.

Du får ein fast kontaktperson, som følger deg heile den tida du er i kontakt med BUP. 

Barn og ungdom som kjem til avdelinga vår har ofte hatt kontakt med ein BUP (poliklinikk) i ein periode. Sjølv om mange av dei etter kvart kjenner seg betre, er det likevel noko dei treng meir hjelp til.
​Da kan innlegging på sjukehuset vere eit neste steg. På sjukehuset er du innlagt heile døgnet. Det jobbar flinke fagfolk i avdelinga vår, som står klare til å hjelpe deg og familien din vidare. Alle barn og ungdom som er innlagt får også skuletilbod.

Saman finn vi ut korleis vi kan hjelpe deg på best mogleg måte, og vi gir beskjed til heimeskulen din om kva du treng når du blir utskrive igjen.

Den viktigaste oppgåva vår er å hjelpe til med å finne ut av kva som er vanskeleg for deg, og korfor det er slik. Vi snakkar derfor også med poliklinikken du har gått til. Vi kan prøve ut forskjellige måter å hjelpe deg og familien din på, mens du er innlagt hos oss.

Det er likevel vanleg at dei fleste barna og ungdommane reiser heim kvar helg. I tillegg til dette kan dei vere heime ein ettermiddag i veka, eller få besøk på posten.

Personalet på posten jobbar i team, saman med lege, psykolog og lærar. På den måten kan vi hjelpe deg betre.

Vi ser ikkje bare på det som er vanskelig for deg, men også på alt du er god på, og kva du trivast med. Vi vil vere sikre på at vi ikkje overser noko viktig.

Det er heilt vanleg at du grublar på ting i ein periode. Det gjer dei fleste. Det kan vere alt m​​ogleg, og mykje av det som ser mørkt ut ein dag, blir plutseleg betre, utan at vi veit kvifor.
Men så er det ein del tankar som kan bli tyngre for kvar dag som går, og som kan overskygge alt anna. Då er det viktig å ta kontakt med nokon du er trygg på, og som har tid til deg. Lærar, helsesjukepleiar, nabodamen, og ikkje minst pappa eller mamma.

Det er alltid nokon du kan snakke med, men du må gjerne sjølv ta kontakt. Det er jo ikkje alltid like lett for andre å sjå at du har det litt tøft. Dei vaksne rundt deg vil sette stor ​pris på at du fortél dei om at du slit. Dei kan lytte til deg, og saman med deg finne ut kva som kan hjelpe deg.

Mange barn og unge synast det er litt flaut å fortelje til nokon at dei har det vanskeleg. Da skal du vite at det er heilt i orden. Når du er ung som deg, er det heilt vanleg at du ikkje har svar på alt som er vanskeleg her i livet. Det kan ein vaksen hjelpe deg med. Og nokon gonger betyr det at du treng nokon på BUP til å hjelpe deg vidare.

Barn og ungdom er veldig flinke til å finne raskt fram på internett når dei leitar etter informasjon. Det kjem godt med, fordi det ligg mykje informasjon om psykiske vanskar på internett.
​​​​​​​​Sjølv om det framleis er litt nytt, har det kome nokre nettsider som tilbyr online hjelp.

Dette kan vere elektroniske spørreskjema, som undersøker kva som er vanskeleg for nettopp deg. Andre gir rettleiing i kva du kan gjere sjølv, for å få det betre.

Moodgym er eit godt eksempel på eit slikt nettbasert hjelpeprogram​ retta mot personar med depresjon. Men dette er ikkje for dei minste.

Informasjon om psykiske vanskar

Nettstader

  

Sist oppdatert 29.08.2023