Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Foto av bygning

BUP Voss

BUP Voss er ein av sju allmennpoliklinikkar i Helse Bergen og har opptaksområde Voss, Vaksdal, Ulvik, Eidfjord og Kvam.

Kva er ein BUP?

Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.

Tilvising

Alle tilvisingar til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge går til nærmaste poliklinikk, med mindre det går fram av tilvisinga at pasient eller pårørande har nytta seg av rett til fritt sjukehusval.

Pasientar med rett til prioritert helsehjelp får brev om dette, med frist for oppstart. Alle tilvisingar skal vere behandla innan ti verkedagar.

BUP tilbyr evidensbasert behandling så langt det er mogleg. Dette betyr at behandlingsmetodane er basert på forsking.

Utgreiing

  • Generell utgreiing
  • Spesialisert utgreiing (til dømes nevropsykologisk utgreiing)

Behandling

  • Individuell behandling
  • Familiebehandling
  • Gruppebasert behandling
  • Medikamentell behandling

Konsultasjon og rettleiing

BUP er ei spesialisert helseteneste som kan gi råd (konsultasjon) og rettleiing til skuler, helsesøstrer, barnevernstenester, og barnehagar.

Kontakt

Telefon

Sentralbord

56 53 35 35
  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Forløpskoordinator

56 53 35 36

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus

Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge

BUP Voss

Postboks 1400

5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Knutepunktet Voss, Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Voss