BUP Voss - Søke jobb hos oss?
Vi er alltid interesserte i å knyte kontakt med potensielle jobbsøkarar!
Har du lyst til å jobbe hos oss, kan du kontakte seksjonsleiar for meir informasjon. Du kan og sjå etter ledige stillingar på våre jobbsider.
Sjå alle våre ledige stillingar
Kva kan vi tilby?
Vi har eit arbeidsfellesskap som er godt, krevjande og gjevande. Det er alltid mykje å gjere, men også mykje å lære. Vi arbeider med tema som kan vere alvorlege og vonde, men vårt arbeid er samstundes inspirerande, oppløftande og morosamt.
Som terapeutar er vi i ei priviligert stilling der mange spennande, sterke, kreative menneske deler sine erfaringar og tankar om utfordrande situasjonar med oss. Vi får vere med i deira arbeid for å få eit betre liv. Som regel får det gode resultat, og ofte kjenner vi at vi har gjort eit arbeid som har ført til ein god forskjell for klientane.
Fag og arbeidsmiljø
Vi har gode rutinar og ordningar for rettleiing og vidareutdanning / spesialisering. Internundervisinga kvar veke sørgjer for at vi deler kompetanse med kvarandre og samkøyrar oss. Det er godt klima for å arbeide med kreative metodar, og vi ønskjer å utvikle oss på dette området. Samstundes stiller vi krav til at vi arbeider med anerkjente og kunnskapsbaserte metodar.
Samarbeid med andre
Voss sjukehus er eit fullverdig lokalsjukehus og ein god arbeidsplass. Vi samarbeider nært med Psykisk helsevern for barn og unge ved Haukeland universitetssjukehus, mellom anna når våre pasientar treng spesialiserte tenester eller døgntenester.