Kva er ein BUP?
Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.
Alle tilvisingar til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge går til nærmaste poliklinikk, med mindre det går fram av tilvisinga at pasient eller pårørande har nytta seg av rett til fritt sjukehusval. Pasientar med rett til prioritert helsehjelp får brev om dette, med frist for oppstart. Alle tilvisingar skal vere behandla innan ti verkedagar.
BUP tilbyr evidensbasert behandling så langt det er mogleg. Dette betyr at behandlingsmetodane er basert på forsking.
Utgreiing
- Generell utgreiing
- Spesialisert utgreiing (til dømes nevropsykologisk utgreiing)
Behandling
- Individuell behandling
- Familiebehandling
- Gruppebasert behandling
- Medikamentell behandling
Konsultasjon og rettleiing
BUP er ei spesialisert helseteneste som kan gi råd (konsultasjon) og rettleiing til skuler, helsesøstrer, barnevernstenester, og barnehagar.
I tillegg har vi Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse - Eining for barn og unge. Senteret skal gi eit poliklinisk tilbod til barn og unge med høyrselshemming og psykisk liding i Helse Vest.
Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse