Revmatologisk avdeling
Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Vestland fylke. Avdelinga tilbyr utgreiing, diagnostikk, behandling, rehabilitering og opplæring av pasientar og pårørande. Vi driv ei stor poliklinisk verksemd som også inkluderer Osteoporosesenteret og ei infusjonseining. Vi har felles sengepost med Hudavdelinga som er lokalisert i Hudbygget (3. et.). Korona: Informasjon til pasienter med inflammatorisk revmatisk leddsykdom finner du lengre nede på siden.
Kontakt
Telefon
Ekspedisjon:
55 97 54 00Sengepost
55 97 39 21Infusjonseining
55 97 54 01Osteoporosesenteret
55 97 54 33Logg inn for å endre time
Slik finn du fram
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland
Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen
Praktisk informasjon
Kurs og møter
- PsoriasisartrittKurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.PsoriasisartrittDato passert
- 18.mai20252 dagar
- 27.august20252 dagar

Revmatologiske undersøkingar
- Kapillaroskopi ved revmatiske sjukdommar
Kapillaroskopi er ein metode der ein undersøkjer dei minste blodårene i neglesengene (kapillarer) ved hjelp av eit mikroskop. Mikroskopet som vert brukt ved Revmatologisk avdeling er eit såkalla videokapillaroskop, der bileta vert vist på e...
- Sjølvregistrering av sjukdomsaktivitet
Dei som kjem til regelmessig behandling for leddgikt, andre artrittsjukdommar og visse andre revmatologiske sjukdommar blir bedne om å registrere smerte og funksjonsnivå i journalverktøyet Go Treat It (GTI).
- Temporalisbiopsi
På kvar side i tinningen fins ei pulsåre som heiter arteria temporalis. Denne pulsåra kan nokre gonger verte betent, noko som er årsaka til sjukdommen temporalisarteritt eller kjempecellearteritt.
For fastlegar
