Revmatologisk poliklinikk held til i 3. etasje i Gamle hovudbygg på Haukelandsområdet. Poliklinikken er delt inn i:
- Revmatologisk poliklinikk for utgreiing og behandling av revmatiske sjukdommer
- Osteoporosesenter
- Infusjonspoliklinikk
- Tverrfagleg utgreiing
- Revmatologisk rehabilitering
På poliklinikken arbeider legar, sjukepleiarar og helsesekretærar. Det tverrfaglege teamet av ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom, farmasøyt og revmakirurg/ortoped kan også treffast på poliklinikken. Vi tilbyr ultralyddiagnostikk av tilstandar i musklar, sener, skjelett og ledd.
Vi har eit osteoporosesenter med 2 DXA –maskiner hvor vi måler beintetthet og kroppssamansetning, diagnostiserer osteoporose, informerer og behandler.
Vi kan tilby medisinsk behandling for osteoporose som infusjoner og opplæring i injeksjoner.
Revmatologisk avdeling har overlegar i revmatologi og assistentleger i utdanningsstillingar. Dette medfører at enkelte legar er tilsett i kortare periodar. Dei fleste legane rullerer mellom ulike seksjonar (t.d. sengepost, dagpost, poliklinikk, forsking). Sjølv om vi har kontinuitet som mål kan ikkje pasientar alltid følgjast opp av den same legen på poliklinikken.
Oppfølging av pasientar skjer ofte i samarbeid med sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar på poliklinikken og med primærhelsetenesta. Poliklinikken arrangerar pasient - og pårørandekurs på Lærings- og meistringssenteret.
Pasientens fastlege har ansvaret for oppfølging, inklusive utskriving av reseptar, rekvisisjonar til fysikalsk behandling og liknande.
Informasjon til deg som har time på Revmatologisk poliklinikk:
- Møt opp i god tid
- Det er fint om du tenker gjennom kva du vil legge fram for behandlaren slik at du får godt utbytte av konsultasjonen
- Vi tilrår å bruke offentleg transport til og frå undersøking/behandling. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmidlar må det godkjennas av behandlar at du eventuelt skal få drosje (samkøyring). For meir informasjon om pasientreiser, sjå http://www.pasientreiser.no/ eller ring 91 50 55 15 . Dersom du vel å bruke eigen bil og parkere på sjukehusområdet ber vi deg om å berekne rikelig med tid då det kan være vanskeleg å finne ledige parkeringsplassar.
- Dersom du ikkje kan møte til oppsett tid må du snarast melde frå på telefon: 55 97 54 00
- Avbod mindre enn 24 timer før timen vil bli belasta med pasientgebyr for manglande oppmøte/avbestilling.
Ta med deg:
- Liste over alle medisinar som du tar
- Oversikt over undersøkingar du evt har fått utført andre plassar (t.d røntgen)
- Morgonurinprøve dersom det er første gongs undersøking
- Frikort om du har dette
- Namn på fastlege
Seksjonsleder: Sjukepleiar Kristin Selseng Soltveit