Pasientopplæring
Revmatologisk avdeling arrangerer fleire pasientkurs. Kurs om leddgikt (RA-kurs), lupus, Bekhterev, psoriasisleddgikt, urinsyregikt, beinskjørhet og Sjøgren. Måla med kursa er å betre føresetnadene for å leve med sjukdom i kvardagen. Kursa er lagt opp som undervisning og erfaringsutveksling. Kursa er tverrfaglege polikliniske undervisningstilbod over to dagar for pasientar som har fått dei nemnde diagnosane.

Kursa er tverrfaglege polikliniske undervisningstilbod over to dagar for pasientar som har fått dei nemnde diagnosane.
Kursa blir arrangert på Lærings- og meistringssenteret (Ulriksdal Helsepark). Pasienten betaler ein eigendel per kurs.
Påmelding
For å delta på pasientkursa må ein vere tilvist frå lege og ha diagnosen frå spesialist i revmatologi.
Pårørande er velkomne til å delta på kurs saman med pasienten. Det er gratis for pårørande, men ein må bestille plass via Revmatologisk avdeling.
Har du spørsmål om pasientkursa våre, er du velkommen til å ringe avdelinga på telefon 55 97 54 00.