HELSENORGE

Osteoporosesenteret

Ved Osteoporosesenteret utfører vi beintetthetsmålingar og følgjer opp behandling hos dei med mest alvorleg osteoporose.

Les meir om:


Kvinnelig helsepersonell støtter pasient som ligger på undersøkelsesbenk. Foto

Det er vanlegvis fastlege eller annan legespesialist som tilviser til beintetthetsmåling. Personar over 50 år som har vore på Skadepoliklinikken ved Bergen legevakt får tilbod om undersøking utan å gå via fastlege (gjeld ikkje brot i fingrar, tær eller skalle). Alle beintetthetsmålingar blir vurdert av lege som gir tilvisar eller fastlege råd om vidare behandling, utgreiing og oppfølging. Det kan ta 2-3 veker før svaret blir sendt ut.

Nokre få med alvorleg osteoporose som kan ha nytte av beinoppbyggande (osteoanabol) behandling får tilbod om time ved tverrfagleg osteoporosepoliklinikk hos sjukepleiar, fysioterapeut og lege. Det blir då gjort ei vurdering av medikamentell behandling i tillegg til andre faktorar som livsstil og fallrisiko, og gitt informasjon om fysisk belastning og trening. Det er lege som ved vurdering av beintetthetsmålinga tar stilling til om du skal få dette tverrfaglege tilbodet. På grunn av begrensa kapasitet som kan innebere lang ventetid, får enkelte kun tilbod om legevurdering.

Behandling med intravenøs medisin (zolendronsyre som blir sett i blodåra) blir gitt ved infusjonspoliklinikken etter tilvising frå fastlege eller annan legespesialist. For dei som skal ha infusjonar over fleire år blir det planlagt telefonkontroll hos sjukepleiar ved Osteoporosesenteret før neste infusjon blir avtalt. Dette for å sikre at det ikkje har skjedd noko sidan sist som tilseier at ein må avslutte behandlinga. Sjukepleiar ser også over at dei rette blodprøvene er tatt før ny infusjon.

Vi tilbyr også opplæring i subcutan injeksjonsbehandling (sprøyter under huda som ein kan sette sjølv) mot osteoporose. Dette er behandling som blir starta av lege med erfaring i å behandle osteoporose.

Andre tilbod ved Osteoporosesenteret er Osteoporoseskole​ over to dagar for pasientar og pårørande. Vi har også eit 3-timerskurs for dei med osteoporose med eitt eller ingen brot. Fastlege kan tilvise til desse kursa. Begge kursa blir vanlegvis arrangert vår og haust.


Fann du det du leita etter?