Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Beinskjørheit (osteoporose)

Eit sterkt beinvev gjer at knoklane ikkje brekker ved fall eller andre støytar mot kroppen. Med alderen kan beinvevet tape noko av styrken sin, og vi bli meir utsette for brot eller brest i skjelettet. Denne tilstanden kallar vi osteoporose eller beinskjørheit, og han finst vanlegvis hos personar over 50 år. Diagnosen kan stillast ved måling av tettleiken i beinet. Han kan også stillast etter eit lågenergibrot, altså eit brot etter fall frå eiga høgd som ikkje ville gitt brot hos beinfriske, eller ved ein kombinasjon av lågenergibrot og låg beintettleik.

Beinskjørhet er det samme som osteoporose. Det er en tilstand der mineralinnholdet i skjelettet er nedsatt. Kvaliteten skjelettet er dermed dårligere, og man får lettere brudd. Osteoporose kan behandles med medisiner og livsstilstiltak, slik at risikoen for brudd blir mindre.

Les meir på helsenorge.no

Ved lågenergibrot eller anna som gir mistanke om osteoporose, kan du visast til måling av beintettleiken. Om osteoporose blir påvist, og om det ligg andre faktorar føre som gir auka risiko for brot, vil vi tilrå tiltak og behandling for å minske faren for seinare brot. Det same gjeld om du har hatt eitt eller fleire lågenergibrot, som i seg sjølv kan vere nok til å stille diagnosen osteoporose og tilrå behandling. Behandlinga blir ofte starta hos fastlege eller hos ortoped (dersom du har hatt brot).

Osteoporose kan anten vere primær eller sekundær.

  • Primær osteoporose er den vanlegaste varianten, og kjem av aldersrelaterte prosessar.
  • Sekundær osteoporose kjem av underliggjande sjukdommar eller bruk av medikament som får nedbrytinga av bein til å gå raskare enn nydanninga. Sekundær osteoporose som følgje av underliggjande sjukdom eller medikamentell behandling skal vanlegvis følgjast opp i den avdelinga som behandlar grunnsjukdommen. Fastlegen må vurdere om det er grunnlag for ei undersøking av beintettleiken.

Det er viktig å ta stilling til om det er andre årsaker til beinskjørheit som til dømes kosthald, medikamentbruk eller hormonsjukdommar. Dette kan i første omgang gjerast hos fastlege. Ved kompliserande faktorar kan osteoporose greiast ut og blir behandla hos spesialist i revmatologi eller endokrinologi.

Tilvising og vurdering

Diagnosen osteoporose blir vanlegvis stilt ved hjelp av måling av beintettleiken. Ved mistanke om osteoporose kan fastlegen vise til slik undersøking.

Måling av beintettleiken blir gjord på røntgenavdelingar eller på eigne spesialistpoliklinikkar. Det er fastlege eller annan behandlande lege som tilviser deg og følgjer opp ved behov for behandling etter målinga.

Diagnosen kan også stillast ved at ein har hatt eitt eller fleire lågenergibrot. Det vil seie brot etter fall frå eiga høgd som ikkje ville gitt brot hos beinfriske, eller ved ein kombinasjon av lågenergibrot og låg beintettleik.

Tilvising til beintettleiksmåling/osteoporosevurdering bør innehalde:

  1. Anamnese (sjukehistorie)

    a. familieanamnese på brot – særleg om mor/far har hatt hoftebrot/lårhalsbrot
    b. eigen brotanamnese – tap av høgd frå ung alder
    c. BMI, røyking, tidleg menopause, inaktivitet/rørslehemming
    d. sjukdommar som disponerer for osteoporose (t.d. kroniske inflammatoriske sjukdommar, diabetes, hyperthyreose, hyperparathyroidisme, malabsorbsjon, nyresvikt, alkoholisme)
    e. medikament som disponerer for osteoporose  (t.d. glukokortikoider, aromatsehemmere, antiandrogen, antiepileptika, protonpumpehemmere)
    f. tidlegare eller noverande behandling for osteoporose

  2. Røntgen av ryggen

    – kan vere nyttig før undersøkinga ved høgdetap over 3-4 cm hos eldre og mistanke om virvelbrot. Dersom det er ikkje-traumatiske virvelbrot er det som oftast indikasjon for behandling – uansett resultatet av beintettleiksmålinga. Ein bør også greie ut for andre underliggjande sjukdommar.

Utredning

Det er inga førebuing til undersøkinga. Vanlegvis vil teknikar eller sjukepleiar ha ein samtale med deg for å klarleggje om du har andre risikofaktorar for osteoporose før sjølve målinga av beintettleiken. Eventuelt fyller du ut spørjeskjema på nett før konsultasjonen.

I nokre tilfelle vil du få tilbod om ein samtale med sjukepleiar direkte i etterkant av undersøkinga. Det vidare forløpet kan variere avhengig av om det er behov for vidare utgreiing.

Målinga av beintettleik tek cirka 15 minutt. Ein rapport med resultat av undersøkinga blir send til den som viste deg til målinga. Du kan lese rapporten i journalen din dersom undersøkinga skjer på sjukehus. Det vidare forløpet kan variere avhengig av om det er behov for vidare utgreiing.

Dersom osteoporose blir påvist, og spesielt dersom det ligg andre faktorar føre som også gir auka risiko for brot, vil legen din tilrå tiltak og behandling. Dette for å minske faren for seinare brot. Det same gjeld om du har hatt eitt eller fleire større lågenergibrot.

Behandling

Behandling av osteoporose har som mål å styrkje beinvevet og minske risiko for nye brot. Behandling kan innebere både endring av livsstil og medikament mot beinskjørheit. Ved osteoporose som kjem av annan sjukdom, rettar behandling seg også mot den aktuelle sjukdommen.

Det er årsaka til osteoporosen som er avgjerande for kva lege som følgjer deg opp i starten av behandlinga. Det kan vere fastlege, ortoped, spesialist i revmatologi eller spesialist i endokrinologi. Dette vil du få meir informasjon om etter utgreiinga.

Ikkje-medikamentelle tiltak (ting du kan gjere sjølv)

Fysisk aktivitet kan ha gunstig innverknad på skjelettet, styrkje musklar og redusere tendensen til å falle. Kosthaldet er viktig, særleg er det viktig med nok kalsium og vitamin D. Tilskot med kalsium og vitamin D kan vere nødvendig. Røyking og overforbruk av alkohol har negativ verknad på beinvev, og røykjeslutt og reduksjon av alkoholinntak er viktig. Tiltak for å førebyggje fall (som til dømes undersøking av synet, fjerne snublefeller i heimen, blodtrykksmåling og gjennomgang av medikament hos fastlege) og dessutan eventuelt hoftevernarar kan vere nyttige for dei som er ustøe til beins.

Medikamentell behandling

Tilskot av kalsium og vitamin D er ofte nødvendig. Vanlegvis blir behandling starta med bisfosfonater. Bisfosfonater hemmar nedbryting av beinvev og aukar beintettleiken ved at meir kalk blir bunden til skjelettet. Døme på slike midlar er alendronat, risedronat og zoledronat (Aclasta). Alendronat og risedronat er tablettar som blir tekne ein gong i veka, medan zoledronat (Aclasta) blir gitt intravenøst éin gong i året eller sjeldere.

Det er viktig at du tek tablettane nøyaktig som det står i rettleiinga og at du ikkje utelèt dei enkelte gonger. Dette for at medisinen skal verke best mogleg. Andre medikament kan vere aktuelle ved biverknader eller utilstrekkeleg effekt av bisfosfonater eller ved svært alvorleg osteoporose. Teriparatide (Forsteo eller Terrosa blir gitt som daglege sprøyter i inntil 2 år) aukar mengda bein i skjelettet. Denosumab (Prolia, blir gitt som sprøyter éin gong i halvåret) verkar tilsvarande som bisfosfonater. Romosozumab (Evenity, månadlege sprøyter i 12 månadar) både hemmar nedbryting og aukar oppbygging av beinvev.

Hjelper behandling?

Medikament kan redusere risiko for nye brot med inntil 50 prosent. Dette betyr at dersom risikoen er låg i utgangspunktet, kan ein ikkje forvente så stor tilleggseffekt. Hos ei gruppe med høg risiko for nye brot (til dømes eldre kvinner med tidlegare brot og påvist osteoporose) vil 50 prosent nedgang i risiko ha mykje å seie.

Oppfølging

Oppfølging av osteoporose skjer anten hos den som har starta behandlinga, til dømes i sjukehus, hos privatpraktiserande spesialist eller hos fastlege. Av og til blir kontroll tilrådd av beintettleiken etter 2-5 år med samtidig vurdering av behandlingsopplegget.

For mange er det nok å behandle osteoporose med medikament i 3-5 år og deretter kontrollere beintettleiken med jamne mellomrom for å sjå om det er nødvendig å starte behandlinga igjen. Somme har nytte av lenger behandling, medan andre klarer seg berre med ein eingongsdose med zoledronat. Kor lang behandling du skal ha vil fastlegen eller den som har sett i verk behandlinga ta stilling til.

Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.