Matservering på avdeling
På avdeling blir det servert fire måltid kvar dag:
- Frukost, kl. 08.00-09.00
- Lunsj, kl. 12.00-13.00
- Middag, kl. 16.00-17.00
- Kveldsmat, kl. 20.00-21.00
Spisetida kan variere noko i dei ulike avdelingane.
Menyen varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om vekas meny på avdelinga. Denne matserveringa gjeld pasientar som er innlagde. Pårørande og besøkande kan nytte seg av kantine, kiosk eller kafè.
Spesielle matbehov
Om du som pasient ønskjer annan mat, tilbyr vi menyar til alle typar diettar og spesialkost. Nokre eksempel er allergitilpassa mat, vegetar og halal. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.
Spisestover
Fleire avdelingar tilbyr matservering i eigne spisestover. Her blir freistande mat servert i ein hyggeleg atmosfære. Spisestovene er bemanna med eige kjøkkenpersonell og tilbyr frukost, lunsj, middag og kveldsmat.
Mattilbod på pasienthotellet
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøkken og spisesal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.
Café3
Café3 har for tida stengt for pasientar og pårørande og kun ope for tilsette. Dette er grunna smittevernstiltaka mot korona-viruset, og berre midlertidig.
I Café3 i 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland tilbyr vi sal av varm mat, bakevarer, salat frå salatbuffet, kaker, pålegg, frukt og drikke.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 07.30 - 18.00
Laurdag og søndag kl. 11.00 - 17.00
Heilagdagar er kafeen stengd.
Café Foajé
Café Foajé i foajeen i Sentralblokka er midlertidig stengt grunna oppussing.
Til vanleg kan du kjøpe påsmurt mat, kaker, bakevarer og ein enkel varmrett.
Til vanleg er opningstida i Café Foajé:
- Måndag-fredag kl. 08.30 - 15.30
- Laurdag, søndag og helligdagar er Café Foajé stengt.
Deli de Luca
Vi har to kioskar på sjukehuset, ein i foajeen i Sentralblokka og ein på Kvinneklinikken. Her finn du alt frå salat til påsmøra baguettar. Det er og varme rettar for overtidsmat òg liknande. I utsalet finn du òg eit breitt utval av bøker og magasin, blomar, telefonkort, frimerkar med meir.
Opningstider Sentralblokka:
Måndag-fredag: 07.00-22.00
Laurdag og søndag: 08.00-21.00
Opningstider Kvinneklinikken:
Mandag-fredag: kl. 09.00-16.00
Laurdag-søndag: Stengt
Snacksautomat
I enkelte avdelingar finst automatar der du kan kjøpe drikke og enkle matvarer heile døgnet.
Daglegvarebutikkar i nærområdet
Rema1000 Haukelandsveien
- Om lag 10 minuttars gange frå Sentralblokka
- Måndag-fredag, kl. 06.30-23.00
- Laurdag kl. 08.00-21.00
- Søndag stengt
Kiwi Kronstad
- Om lag 10 minuttars gange frå Sentralblokka
- Måndag-fredag kl. 06.30-23.00
- Laurdag kl. 09.00-23.00
- Søndag stengt
Bunnpris Møllendalsbakken
- Om lag 15 minuttars gange frå Sentralblokka. Søndagsopen.
- Måndag-fredag kl. 06.30-23.00
- Laurdag kl. 08.00-22.00
- Søndag kl. 08.00-23.00