Praktisk informasjon
Vi ønskjer at du som pasient, pårørande eller besøkande skal føle deg trygg og få god informasjon hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset. Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.
Om timeavtalen og takstar
Reise og parkering
På sjukehuset
Helse Bergen har størstedelen av verksemda si på og ved Haukeland universitetssjukehus i Årstad bydel i Bergen. I tillegg kjem store einingar som mellom anna Psykiatrisk klinikk i Sandviken, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering på Nordås, Kysthospitalet i Hagevik og Voss sjukehus.

Rettar, val og moglegheiter
Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.

Å vere pårørande
Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men også dei kan ha behov for støtte og hjelp til å meistre eigen livssituasjon. Her finn du gode råd og informasjon til deg som er pårørande.

Sist oppdatert 09.12.2025