At barnet har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Barnet må kanskje forhalde seg til smerter og ubehag, men som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling.
Skolen
Skolen gir opplæring til barn og unge på grunn- og vidaregåande skolenivå. Undervisinga blir som regel gitt i klasserom.
Viss du må på sjukehus mens du går på skole, har du rett til opplæring også når du er innlagt. Hordaland fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbodet ved Sjukehusskolen, som er ei avdeling av Nordahl Grieg vidaregåande skole.
Les meir om sykehusskolen
Stader å vere
Ungdomsrommet i Glasblokkene
Ungdomsrommet i Glasblokkene er for deg som er ung og på sjukehus. Rommet er meint som ein stad der du kan kople av frå behandling og fritt for helsepersonell. Hit kan du ta med deg nokre venner, eller gå aleine. Det er opp til deg.
Les meir på ungdomsrommet sine nettsider
Ungdomsrommet kreftavdelinga
Ungdomsrommet til kreftavdelinga er ein fristad for unge vaksne og ungdom med kreft, og unge pårørande til kreftramma.
Les meir om ungdromsrommet til kreftavdelinga
Energisenteret for barn og unge
Energisenteret for barn- og unge skal gi eit tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem. Målet er at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre.
På Energistereret for barn og unge sine nettsider finn du våre ulike aktivitetstilbod.
Pasientbiblioteket
Pasientbiblioteket på Haukeland tilbyr utlån av bøker, dvd og tidsskrift til pasientar og pårørande. Boktraller med eit utval frå biblioteket blir òg trilla rundt til avdelingane.
Les meir om Pasientbiblioteket på nettsida vår
Urtehagen
På takterrassen utanfor «Cafe 3» i Sentralblokkas tredje etasje på Haukeland universitetssjukehus har ei gruppe eldsjeler dyrka fram ein liten oase til glede for pasientar, pårørande, tilsette og andre besøkande.
Les meir og sjå bilete på nettsiden til Urtehagen
Leikeplass
Leikeplassen ligg utanfor Marie Joys hus. Ta med deg ein venn og kle deg godt.

Aktivitetar for barn og unge
Leketerapi
Musikkterapi
Du treng ikkje vere ein kløppar til å spela noko instrument eller vere god til å synge for å ha det kjekt i lag med musikkterapeutane. På musikkrommet føregår det ulike aktivitetar som improvisasjon, song, samspel, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving. Musikkterapeuten kan vere berre med deg på rommet der du er, eller vere i lag med deg på musikkrommet.
Klovneri
Å vere saman med ein klovn kan hjelpe på så mykje.
Klovnane du møter her hos oss ønskjer å skape glede og tar deg med inn i fantasiens ver for ei lita stund. Vi får besøk av sjukehusklovnar på faste dagar, som går rundt og helser på barna som er på sjukehuset. Sjukehusklovnen har erfaring med å vere i lag med barn og unge som er sjuke.
Kunst
Slik brukar du sosiale medier på sjukehus
Sosiale media gir oss moglegheit til å kommunisere med omverda og dele våre opplevingar - også når ein er på sjukehus. Her finn du velmeinte tips og råd om bruk av sosiale medier som pasient eller pårørande.
Les meir om bruk av sosiale medier på sjukehus.
Vert å vite om behandling og utstyr
Blodprøve
Veneflon
Nokre barn og ungdom får satt inn venflon for å gi medisin eller væske når dei skal på sjukehus.
Sjå bilde og les informasjon tilpassa større barn og unge.
Emlakrem
Denne kremen blir brukt som smertelindring før blodprøvar og venflon.
Her kan du sjå bilde og lese informasjon tilpassa foreldre med små barn.
Når du er i familie med nokon som er alvorleg sjuk
Når ein familiemedlem blir alvorleg sjuk inneber det ofte endring i livssituasjonen til heile familien. I slike situasjonar er det viktig at vaksne er merksame på korleis barna og dei unge har det. Her har vi samla råd og tips som vi håpar kan vere til hjelp.
Les meir på nettsidene for barn og unge som pårørande