Haukeland skole
Tid: ca 15 min ein veg.
Oppstart: Hovudinngang til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg skilting fra Glasblokkene og ned til Årstadveien. Følg fortauet som går langs Årstadveien på samme side som kjøreretninga mot sentrum. Ta av mot Stemmeveien ved første kryss. Følg Stemmeveien til du kjem til Haukeland skole.
Her er det mogleg å benytte leikeplassen utanfor skule- og SFO-tid, men hugs å følge eventuelle skiltingar/reglar på plassen.
Triangelparken
Tid: ca 15 min en vei.
Oppstart: Hovudinngang til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg skilting frå Glasblokkene og ned til Årstadveien. Følg fortauet som går langs Årstadveien på same side som kjøreretninga mot sentrum. Der kor Årstadveien gjer ein brå sving inn mot Søndre Bellevueveien og Storhaugen, vil du sjå eit lite grøntområde med nokre benkar. Dette er Triangelparken. Her er det mogeleg å ta en liten rast, nyte en matbit og slappe av i sola.
Tur rundt Store Lungegårdsvann
Tid: 75 min eller meir tur/retur.
Oppstart: Hovudinngang til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg skilting fra Glasblokkene og ned til Årstadveien. Gå vidare forbi Rema 1000 butikken, og ned Møllendalsbakken. Følg Møllendalsbakken heilt ned til Store Lungegårdsvann. Her går det en sti i begge retningar som du kan følge rundt vatnet.
Turen rundt vatnet er cirka 4,5 km og er populær blant både joggere og gåere.
På turen rundt vatnet vil du gå forbi AdO-arena, Amalie Skram Videregående Skole, Bergen Brannstasjon, Høyteknologisenteret på Florida, og det vil vere kort vei til både Bystasjonen, Nygårdspraken og VilVite-senteret.
Christieparken
Tid: cirka 20 min ein veg.
Oppstart: Hovudinngang til Marie Joys hus.
Vegskildring: Følg skilting frå Marie Joys hus og til Nattlandsveien (busstopp Haukeland Sør). Her følger du fortauet som går i kjøreretninga fra Haukeland og mot Landås. Ta av frå Nattlandsveien og til Idrettsveien. Følg Idrettsveien heilt til du kjem til Brann Stadion. Her vil du sjå Christieparken på di venstre side, på oppsida av Brann Stadion. Her er det flotte grøntområder som er fine til ein matbit, ein pause eller litt leik.
Ulriken med bane
Tid: cirka 15 min ein veg, kor 7 minutt er med bane.
Oppstart: Hovudinngangen til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg Haukelandsbakken vidare opp og fram til startpunktet for Ulriksbanen. Her kan du kjøpe billetter til gondolbana som går opp til toppen av Ulriken. Les meir om bilettar og prisar på Ulriksbanen sine nettsidar.
På toppen er det fin utsikt over byen, og kan vere et startpunkt for kortare eller lengre turar i terreng. Der er også flere aktivitetar på toppen, for eksempel zipline, leikepark og barneyoga. Det er også restaurant og kiosk på toppen.
Ulriken til fots
Tid: cirka 60 min ein veg.
Oppstart: Hovudinngangen til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg Haukelandsbakken vidare oppover og opp til startpunktet for Ulriksbanen. Følg stien bak Ulriksbanens nedre stasjon og opp til Montana. Følg skiltinga og stien fra Montana og til toppen av Ulriken, kor den store masta står plassert. Det er fleire stiar opp til toppen, men den mest brukte er steintrappene som går oppover langs fjellsida. Det er bratt stigning flere stader.
På toppen er det fin utsikt over byen, og kan vere eit startpunkt for kortare eller lengre turar i terreng. Det er også fleire aktivitetar på toppen, for eksempel zipline, leikepark og barneyoga. Det er også restaurant og kiosk på toppen.
Demningen ved Svartediket
Tid: cirka 30 min ein veg.
Oppstart: Hovudinngangen til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg skiltinga frå Glasblokkene og til Årstadveien. Følg fortauet som går langs Årstadveien på samme side som kjøreretninga mot sentrum. Ta av mot Stemmeveien ved første kryss. Følg Stemmeveien vidare innover, kryss Bjørndalen, og følg Stemmeveien heilt til enden. Her fins det ein sti du kan følge for å komme endå nærare demningen. Her finner du også Tarlebøveien, vegen som går inn til Isdalen, dersom du ønsker ein litt lengre tur.

Isdalen
Tid: cirka 60 min ein veg.
Oppstart: Hovudinngangen til Glasblokkene.
Vegskildring: Følg skiltinga frå Glasblokkene og til Årstadveien. Følg fortauet som går langs Årstadveien på samme side som kjøreretninga mot sentrum. Ta av mot Stemmeveien ved første kryss. Følg Stemmeveien vidare innover, kryss Bjørndalen, og følg Stemmeveien heilt til enden. Her fins det ein sti du kan følge for å komme endå nærare demningen. Her finner du også Tarlebøveien, vegen som går inn til Isdalen, dersom du ønsker ein litt lengre tur. Frå Isdalen er det mulig å gå vidare opp i fjella og til for eksempel Blåmannen, Rundemannen og Ulriken.
Her er det fine grøntområder og flotte turforhold som kan gjere godt både for kropp og sjel.
