Bordtennis
Vi har plassert ut eit bordtennisbord som er fritt tilgjengeleg for bruk. Her kan du ta eit avbrekk med ein god kamp. Dersom det gir meirsmak er det kanskje fristande å melde seg på Tommy Urhaug sin bordtennisskule?
Flygel
Om du er musikalsk (eller ikkje) er du velkommen til å spele på eit Grotrian-Steinweg flygel av høg kvalitet.
PlayPulse-syklar
Gjennom å kombinera sykling og dataspel kan du leke og ha det moro, men samtidig snike inn litt trening. Her kan du spela åleine mot datamaskinen, eller i lag med fleire. Lag deg gjerne ein brukar om du ønsker å bygge opp spelaren din, eller benytt gjestemodus for å prøve.
Energistien
Har du lyst å bli betre kjend med sjukehusareala, samtidig som du kan løyse artige oppgåver og til og med få ein premie?
Då må du leite etter QR-kodar og sjekke ut Energistien.