Overgang frå barn til vaksen
Som ungdom står du midt mellom det å vere barn og vaksen. Vi på sjukehuset ønskjer at du gradvis skal bli meir sjølvstendig og involvert i behandlinga di, og at du skal vere godt førebudd og få ein god overgang til vaksenavdelinga når du blir 18 år. Vi har blant anna laga ei sjekkliste som kan hjelpe oss å gi deg tilpassa oppfølging.
Sjekklista skal vere eit hjelpemiddel for deg, slik at du blir meir bevisst på kva du kan og ikkje kan om eigen sjukdom, og kor sjølvstendig du er i forhold til å ta vare på di eiga helse. Den skal også vere eit hjelpemiddel for behandlaren din, slik at han eller ho kan hjelpe deg på best mogleg måte.
Sjekklista er laga som eit skjema. Skjemaet blir ein del av journalen din slik at både du og behandlarar vil ha tilgang. Du fyller ut skjemaet i forkant av timeavtalen din. Foreløpig er skjemaet berre tilgjengeleg for ei utvald diagnosegruppe. Dersom du høyrer til denne diagnosegruppa, vil du få meir informasjon om dette av behandlar.