Barnekonvensjonen

Barn og unge har rett til å medverke

FNs barnekonvensjon sikrar barn og unge grunnleggande rettar i møtet med tenesteapparatet. Desse rettane er også forankra i Grunnlovas § 104.

​Barnekonvensjonen seier at «alle avgjerder og handlingar som rettar seg mot eit barn» skal gjerast med sikte på å ivareta «barnet sitt beste». Kva som er barnet sitt beste kan ikkje vurderast utan at barnet har fått moglegheit til å medverke.

Dette føreset at

  • ​Barnet har fått tilstrekkeleg informasjon på ein måte som er tilpassa alder og kor moden ein er
  • Barnet har fått moglegheit til å uttale seg fritt (og på ein måte som dei opplever som trygg)
  • Barnet sin rett til privatliv er ivaretatt, også med tanke på korleis vaksne handterer det barn fortel​

Det er altså ikkje nok at oppvekstarbeidarar og helsepersonell har ein intensjon om å ivareta barnet sitt beste. Det må etablerast ei forståing av barn som sjølvstendige rettshavarar, og tenestene skal etablere arbeidsmåtar og rutinar som sikrar at barn sine grunnleggande rettar blir ivaretatt i praksis.

Desse prinsippa har óg konsekvensar for tenester som samarbeidar om tiltak for barnet - barnet må vere ein del av samarbeidet. Når barn blir tilvist frå ein instans til ein annan, må ivaretaking av barnet sine grunnleggande rettar vere ein del av denne prosessen i alle ledd.

Kommunikasjon med barn

Barnet sin stemme skal bli lytta til både gjennom verbal og ikkje-verbal kommunikasjon. Kommunikasjon er mykje meir enn kun det verbale språket.

Barn har, avhengig av alder og kor moden ein er, eit mindre utvikla verbalt språk enn vaksne. For å fremje barnet sin stemme og forstå deira bodskap, er det derfor viktig å sjå også etter det ikkje-verbale språket. Det ikkje-verbale språket blir vist gjennom kroppsspråk, ansiktsuttrykk, blikk, mimikk, gestar, kroppsbevegelsar, kroppskontakt og avstand.

Den som snakkar med barnet sørger for:

Førebuingar

  • at barnet får tilgang til all viktig informasjon om seg sjølv og sin situasjon
  • at samtalen skjer i trygge rammer for barnet, og tar omsyn til barnet sin alder og kor modent barnet er. Den som skal snakke med barnet spør barnet kva som skal til for at barnet er trygt i samtalen
  • at barnet blir førebua på kva tema som blir tatt opp i samtalen. Om det er fleire som deltar i samtalen, involvér barnet i korleis sensitiv informasjon blir lagt fram
  • at alle i samtalen tenkjer gjennom kva ord og omgrep som blir brukt. Nokon ord kan kjennast både framande og skumle, dei kan stigmatisere og gjere at barn kjenner seg annleis.

Sjølve samtalen

  • at samtalen med barnet blir lagt opp som ein dialog med opne spørsmål. Den som snakkar med barnet må vise interesse og openheit for barnets sin beskriving, og trygge barnet i at deira reaksjonar er normale
  • å spørre barnet om korleis han eller ho har det, og er open og ærleg om sine tankar om barnet sin situasjon
  • å spørre barnet om korleis dei har det saman med andre barn eller vaksne, då dette kan seie noko om barnet si fungering

Tilbakemelding og informasjon til barnet

  • ​å informere barnet om vegen vidare, kva som kjem til å skje og kva som er beslutta
  • at hans eller hennar synspunkt er ivaretatt og grunngjevinga for beslutningane som er tatt
  • å informere om moglegheit for å lese referat frå møtet og kommentere på dette før det blir ferdigstilt og ført i journalen
  • dersom det er kommunikasjonsutfordringar, tilrettelegge for at tolk deltar i alle samtalar med barnet
Fann du det du leita etter?