Sommaren etter etablerte Emily og vener av mora rosehagen på taket, men prosjekta stoppa ikkje med det.
I år tok ho, på vegne av Haukelands venner, kontakt med Botanisk hage for å høyre om dei hadde nokre plantar til grøntarealet på Haukeland.
Ved Botanisk hage såg dei at det var mogleg med eit større prosjekt og kopla på Universitetet.
Og slik gjekk det til at studenten Hedda Baksåsmoen Holm fekk i oppgåve å planlegge den nye bevaringshagen. Ho har valt artar, vore med på å tilretteleggje og plante ut, i tillegg til å lage informasjonsskilt til dei ulike plantane.
- Det er ein fin innfallsvinkel at ein bevarer artar samstundes som ein bevarer pasientar, seier Hedda. Ho meiner det er fint med eit prosjekt som står i fleire år, og som andre kan ha glede av.
Christian Rieber sponsar prosjektet. Han håpar meir terapi i sjukehuset kan føre til reduskjons i medisinbruken.
- Det brenn vi for, smiler han.
Haukelands venner
Haukelands Venner er ein frivillig organisasjon som jobbar for å betre trivsel og fremje livskvalitet for pasientar og pårørande ved Haukeland Universitetssjukehus.
Botanisk hage
Universitetets Botaniske hage er ein del av Universitetsmuseet, og inneheld dei levande vitskaplege plantesamlingane til bruk i forsking, formidling, undervisning og bevaring. Botanisk hage er ein aktiv formidlar av forsking og kunnskap, og har mange samarbeidspartnare både innan UiB og eksternt.