Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.

Trøbbel med påkopling til trådlaust internett?

Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader.  Du kan difor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.​ 

Har du ein nyare mobiltelefon, og har problem med å kople til det trådlause gjestenettet? 
Dette kan ha noko med nettverksinnstillingane på telefonen din å gjere.

Les meir om kva du kan gjere her

Sist oppdatert 09.08.2022