Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientbiblioteket

Pasientbiblioteket ved Haukeland universitetssjukehus er stengt frå og med 20. april 2026. På kort sikt vil biblioteksarealet bli brukt som eit utvida venteareal for pasientar og pårørande. På lengre sikt vil arealet vere nødvendig å ta i bruk til klinisk verksemd i samband med oppgradering av Sentralblokka. Takk til alle som har besøkt Pasientbiblioteket gjennom åra. Nokre bøker vil framleis vere tilgjengelege i ventearealet frå hausten av. Dersom du har bøker du ønskjer å levere inn, vil det stå ei innleveringsboks utanfor biblioteket ei tid framover. For spørsmål, ta kontakt med Kommunikasjonsavdelinga på telefon 55 97 60 00.