Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Urtehagen

På takterrassen utanfor «Cafe 3» i Sentralblokkas tredje etasje på Haukeland universitetssjukehus har ei gruppe eldsjeler dyrka fram ein liten oase til glede for pasientar, pårørande, tilsette og andre besøkande.

Medisinarstudent i urtehagen. Foto

– Å oppleve eit grønt, naturleg miljø dempar kroppens stressmekanismar, bidrar til å senkje blodtrykk og gir mindre muskelspenningar, seier Linnea Leikvoll som er medisinstudent og leiar for Klima=Helse.

– Dette har blitt vist i fleire vitenskaplege studiar. For alle som har vandra i ein hage, park eller naturområde er det neppe overraskande.

Ein frodig hage byr på ei mengde sanseinntrykk og innbyr til roleg og avslappande rørsle, noko som er viktig i all form for rehabilitering.

Bugnende hage med blomster og grønne tomater. Foto
 

Med urtehagen ønskjer dei å oppmuntre menneske til å røre på seg, og inspirere folk til å ete meir grønt. Noko som i tillegg til dei direkte helsegevinstane, også verkar førebyggjande på livsstilsjukdommer som hjarte- og karsjukdommar, diabetes og mange ulike former for kreft. I ein slik samanheng er det å ha ein «spiseleg hage» tilknytt sjukehuset heilt naturleg, meiner Leikvoll.

Spirer i potte. Foto

 

Godt for kropp og sjel

Å leggje om til ein sunnare livsstil kan også vere meir klimavennleg, noko som er gunstig både for individets helse - og for framtidige generasjonar over heile kloden.

– Vi trur at Urtehagen på Haukeland er eit bidrag, som saman med andre «positive omstillingsprosjekt», kan få store ringverknadar i samfunnet, meiner Leikvoll.

Urtehagen skal også vere ein «sansehage» med lukter, smakar og synsinntrykk. Han skal vere ei kjelde til avkopling frå sjukehuslivet, ein plass kor ein kan lade batteria.

 

Medisinarstudentar arbeidar i urtehagen. Foto

I tillegg vonar eldsjelane at urtehagen også kan vere til inspirasjon for besøkande. Det er ikkje nødvendig å ha ein stor hage for å få til sin eigen kjøkken- eller urtehage. Ein kjem langt med eit par pallekarmar eller nokon store krukker.

– Vi ønskjer deg som pasient, pårørande, student, tilsett eller nysgjerrig besøkande hjarteleg velkommen til å smake deg fram blant bær, krydder, urter og grønsaker. Vi møtest i Urtehagen! 

Sjå fleire bilder frå Urtehagen her:

Blomsterbed på sjukehustaket. Foto
 

Laukhausting. Foto
 

Urtehagen på Haukeland. Foto
 

Bladverk på stenger mot himmelen. Foto
 

Sist oppdatert 24.09.2023