Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du Sjukehusapoteket i Bergen. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Sjukehusapoteket tilbyr eit breitt sortiment av medisinar, sjukepleieartiklar og andre apotekvarer. Dei fleste av medisinane som sjukehusa bruker har vi på lager slik at du enkelt kan få desse med deg når du skal reise heim. 

Hos oss får du god rådgiving og rettleiing, og vi jobbar kvar einaste dag for å medverke til auka pasienttryggleik, betre helse og auka velvære.

Bestill klargjering av medisinar​

Opningstider - Sjukehusapoteket på Haukeland

Opningstider for Sjukehusapoteket på Haukeland  (www.sjukehusapoteka-vest.no​) ​

Telefon: ​ 55 97 53 44 
Telefaks:  55 29 07 40
Epost: post@sav.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Sist oppdatert 03.07.2023