I tillegg til legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og postsekretær er det tverrfaglege teamet i avdelinga samansett av ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom og farmasøyt. I tillegg har vi samarbeid med ernæringsfysiolog.
Ved innlegging får du ein pasientansvarleg lege og sjukepleiar. Desse har ansvar for behandling og pleie, og følgjer deg opp under heile opphaldet. Andre legar og sjukepleiarar vil også delta i behandling og pleie, men vi prøver å sikre mest mogleg kontinuitet.
Informasjon til deg som skal innleggast
- Når du kjem til avdelinga blir du motteken av sjukepleiar og lege. På innleggingsdagen kan det bli noko ventetid. Du vil få nærmare beskjed om tid for oppmøte.Undersøkingar kan vere bestilt på førehand og starte same dag
- Lengda på opphaldet kan variere frå få dagar til fleire veker
- Du får fire måltid dagleg. Frukost kl. 08.00-09.00, lunsj kl. 12.00-13.00, middag 16.00-17.00 og kvelds 19.00-20.00.
Til innlegginga må du ta med deg:
- Liste over alle medisinar som du brukar
- Oversikt over undersøkingar du ev. har gjennomgått på andre avdelingar (t.d. røntgen dei siste par åra)
- Namn på fastlege
- Minst mogleg verdisaker og kontantar. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar
- Toalettsakar, tøy osv.
Seksjonsleiar: Nina Helen Alsaker Bergsvik