Tolk

God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.

Konsultasjon lege og pasient. Foto
 

Som pasient skal du ha informasjon om eigen helsetilstand og behandling på eit språk du forstår. Dersom du har avgrensa norskkunnskapar, eller du snakkar samisk, er døv, hørselshemma eller døvblind, kan du ha behov for tolk. 

Du kan og ha rett til tolk sjølv om du snakkar norsk til dagleg. Dette gjeld særleg ved alvorlege og kroniske sjukdommar, og ved samtale om psykiske lidingar.

Det er helsetenesta som har ansvar for å vurdere behovet for tolking og bestille kvalifisert tolk.

Pasientar og tolking

For å få mest mogleg ut av ein tolka samtale, kan det vere nyttig å førebue seg:

  • Fortel helsetenesta kva for eit språk du snakkar
  • Om fleire familiemedlem skal vere med på konsultasjonen, bør ein ha ein tolk som alle i familien kan forstå
  • Møt opp til avtalt tid
  • Planlegg kva du ønskar å ta opp i helsekonsultasjonen
  • Bruk korte setningar og ikkje si så mykje om gongen, då blir det lettare for tolken å tolke det som blir sagt på ein korrekt måte

Brosjyre om tolk i helsetenesta (pdf)

God tolkeskikk

  • Tolken skal oversette alt som kjem til uttrykk under samtalen og ikkje utelate, endre eller legge til noko
  • Tolken skal vere upartisk i tolkesituasjonen, og tolkens eigne haldningar skal ikkje påverke tolkinga
  • Tolken skal ikkje påta seg andre oppgåver i samband med tolkinga
  • Tolken har teieplikt
Meir informasjon om yrkesetiske reglar for tolkar - Integrerings- og mangfoldsdirektoratet IMDI (pdf)

Meir informasjon om tolking

NOU 2014:8 - Tolking i offentlig sektor (regjeringen.no)Om rett til tolk (tolkeportalen.no)Forbud mot bruk av barn som tolk (lovdata.no)Kommunikasjonsperm på fleire språk - 40 ord, uttrykk og spørsmål (sykehuset-ostfold.no)Flerspråklig interaktiv bildeordbok (Lexin)Ordbøker på nett - ordbøker særleg retta mot minoritetsspråklege (Lexin)