Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ergoterapi ved revmatisk sjukdom

Ergoterapeutane ved Revmatologisk avdeling har fokus på at pasientar skal kunne vera aktive og oppleve meistring i daglege aktivitetar i heim, på arbeid/skule og på fritida. Gjennom samtale, undersøkingar og observasjon kartlegg ergoterapeuten korleis pasientar fungerer i daglege aktivitetar, og kva faktorar som fremmer og hemmar aktivitet og deltaking.

kursholder som presenterer
Ergoterapeutane er sentrale i den tverrfaglege oppfølginga av pasientar med ulike revmatiske sjukdommar, både i utgreiing, behandlingsforløp og rehabilitering. Vi møter pasientar i poliklinikk, på sengepost og på dagpost, og tilbyr oppfølging individuelt og i ulike grupper. I tillegg  deltek vi i pasientundervisning på Lærings- og meistringssenteret, og vi rettleiier ergoterapistudentar i praksis.
 

Ergoterapeutar fremmer helse og livskvalitet gjennom å mogleggjere deltaking og meistring i meiningsfulle aktivitetar. Saman med pasient kan vi bidra til å finne løysingar når det blir et gap mellom helse og krav i kvardagen. 

God handfunksjon er viktig for å kunne utføre daglege aktivitetar. Stivhet, smerter, nedsett kraft og betennelse i hender kan gi nedsett handfunksjon og vanskar med aktivitetar. Ergoterapeuten vurderer korleis handfunksjon påverkar utføring av daglege aktivitetar i kvardagen og gir råd og rettleiing om aktuelle tiltak. Dette kan vere handtrening, ortoser, ergonomiske arbeidsteknikkar og bruk av småhjelpemiddel.    

Forsking viser at jamleg handtrening kan ha effekt på stivhet, smerter og handkraft, i tillegg til utføring og meistring av daglege aktivitetar.

  

Aktuelle lenkjer: 

Handtreningsøvelser handartose

Handtreningshefte for personar med leddgikt

Sklerodemi trening av hender

Handtrening leddgikt (youtube video)

Ergonomi for hender

 

 

Ved smertefulle handledd/tommelledd/fingerledd eller feilstillingar kan bruk av ortose gi smertelindring, støtte og stabilitet. Ergoterapeuten tilpassar ortose som passer ditt behov. Vi tilrår at du utfører regelmessig handtrening etter rettleiing av ergoterapeut.  

Ved langvarig behov for ortose (over 2 år) kan ein søke NAV om å få dekka ortosen som eit ortopedisk hjelpemiddel. 

Personar med revmatisk sjukdom kan oppleve vedvarande utmatting (fatigue). Utmatting er ofte ei usynleg plage og kan vera vanskeleg å forhalda seg til både for ein sjølv og dei rundt.   

Vedvarande utmatting kan gi utfordringar i deltaking  og meistring av daglege aktivitetar heime, på arbeid/skule og på fritida. Grad av utmatting kan variere og kan påverke deg både fysisk, mentalt og emosjonelt. Søvn og kvile fører nødvendigvis ikkje til betring. Aktivitetsregulering, tilpassa trening og kognitiv terapi er tilrådde tiltak.   

Aktivitetsregulering er ein endringsprosess der ein kartlegg og blir bevisst sine noverande tanke- og aktivitetsmønstre, og deretter tar i bruk ulike strategiar for å meistre viktige og meiningsfulle aktivitetar i egen kvardag.   

Målet er å tileigna seg verktøy for betre å meistre utmatting i kvardagen.  

Hefte om aktivitetsregulering 

Ergoterapeutar kan gi rettleiing dersom du opplever utfordringar med arbeid/skule, eller om du opplever ubalanse mellom arbeid/skule og fritid.   

Ergoterapeuten kan hjelpe deg med rettleiing, utprøving og søknad på varmehjelpemiddel til hender og føter dersom du har fått påvist Raynaudsfenomen  og plagene hemmar deg i aktivitet og deltaking i kvardagsaktivitetar. 

 

Kontakt

Seksjonsleiar 
Tlf. 55 97 50 09​​
Sist oppdatert 20.02.2024