Fysioterapi ved Revmatologisk avdeling/Hudavdelinga

Seksjonsleiar: Britt-Elin Birkeland
(55 97 54 40/ britt-elin.birkeland@helse-bergen.no )   

Revmatologisk avdeling


Gruppa si storleik

6 stillingar fordelt på 7 fysioterapeutar:
1 seksjonsleiar for fysioterapi
2 spesialfysioterapeutar
3 fysioterapeutar
1 spesialist i manuell terapi (20 %)​

Arbeidsområder

Avdelinga består av 3 postar. 2 dagpostar med 10 plassar i kvar av dei,og 1 sengepost med 13 senger. Alle postane omhandlar revmatologi, med utreiing og tverrfagleg rehabilitering. Sengeposten har også pasientar innlagt til postoperativ oppfølging etter revma-kirurgiske inngrep.
I poliklinikken på Revmatologisk avdeling er fysioterapeutane involverte i tverrfagleg poliklinisk utreiing og rehabilitering, og i behandlingsverksemd knytt til Terapibassenget.

Vanlegaste diagnosar

Revmatoid Artritt
Mb. Bekhterev (Ankyloserande Spondylitt)
Psoriasis Artritt
Osteoporose
Bindevevssjukdommar, til dømes SLE og Sjøgrens syndrom
Systemiske vaskulittsjukdommar, for eksempel Polymyalgia Revmatika
Krystallartrittsjukdommar​

Arbeidsform

Fleirtalet av pasientane får fysikalsk behandling under opphaldet i avdelinga. Hovedgruppa er pasientar med kroniske inflammatoriske sjukdommar, der tverrfagleg rehabilitering står sentralt. 
Pasientane blir behandla både individuelt og i grupper (land- og bassenggrupper).
Behandlinga går hovudsakleg føre seg i treningssalen, medan dei postoperative pasientane i tidleg fase blir behandla på pasientrommet.
Ein stor del av pasientane blir sendt vidare til eit poliklinisk treningstilbod som består av 6 bassenggrupper med tre ulike nivå, og deretter til individuell basssengtrening.
Fysioterapeutane søker om ganghjelpemiddel og TENS apparat til pasientane. Det blir skrive fysioterapijournal på alle tilviste pasientar i elektronisk journalsystem (DIPS).​

Behandlingsmetodar

Grovt sagt er hovudmålet med behandlinga/tiltaka smertelindring og auka funksjonsnivå. Tiltaka har fokus på rørsle, styrke og kondisjon. I tillegg blir det nytta termobehandling og elektroterapi. Passive behandlingsformer som blautvevsbehandling og mobiliseringsteknikkar blir også nytta. Trening i oppvarma basseng har og ein sentral plass i behandlinga. Vidare blir det utarbeida sjølvtreningsprogram tilpassa den enkelte pasient.
Som ein del av det totale tilbodet blir det vektlagt diagnoserelaterte kurs for pasientar og pårørande i regi av Lærings- og mestringssenteret, der fysioterapeutane medverkar som ein del av det tverrfaglege teamet.​

Samarbeid

Fysioterapeuten samarbeidar med lege, sjukepleiar, hjelpepleiar, ergoterapeut, sosionom og farmasøyt, blant anna i tverrfaglege møter.   
Vidare er det samarbeid med primærhelsetenesta og private rehabiliteringsinstitusjonar, som til dømes Ravneberghaugen og Åstveit rehabiliteringssenter.​

Aktivitetar utover behandlingssituasjonen

​Fysioterapifagleg vidareutvikling, videreutdanning/ kurs og prosjektarbeid inngår i fysioterapeutane sine arbeidsoppgåver,i tillegg til rettleiing av fysioterapi- masterstudentar. 
Revidert mars 2013.
Britt-Elin Birkeland


Hudavdelinga​

Gruppa si storleik

Seksjonsleiar har ansvar for fysioterapitilbodet ved Hudavdelinga. Fysioterapiavdelinga har avsett ein 25 % stilling eller 9 timar i veka til pasientar på Hudavdelinga si sengepost.​

Arbeidsområder

I tillegg til poliklinikk og dageining består Hudavdelinga av 1 sengepost med 13 senger.​

Vanlegaste problemstillingar/diagnosar

Pasientane ved Hudavdelinga er innlagt med hudsjukdom som grunndiagnose. Det er likevel ikkje uvanleg at pasientane har fleire diagnosar, ei samansett sjukehistorie og samansette funksjonelle problemstillingar.
Normalt behandlar fysioterapeuten pasientar frå følgjande grupper:  
Generelle muskel-skjelettplager/skader
Revmatologiske sjukdommar 
Nevrologiske sjukdommar​

Arbeidsform

Pasientar med nevrologiske problemstillingar blir ivaretekne av ein fysioterapeut frå Nevrologisk avdeling, innafor gjevne rammer.
Utifrå pasienten sin almentilstand, eller utifrå praktiske omsyn, blir pasienten behandla på sengepost i Hudavdelinga eller i treningssal på Revmatologisk-/ Nevrologisk avdeling. 
Pasientane blir tilviste av behandlande lege ved Hudavdelinga.​

Behandlingsmetodar

Behandlinga rettar seg mot den enkelte pasient, og mogelege tiltak kan vera: parafango, bassengtrening, utprøving av TENS, tilpassing/utprøving og instruksjon i bruk av  ganghjelpemiddel, aktive øvingar, Medisinsk TreningsTerapi, nevrologisk fysioterapi (til dømes ad modum Bobaths), tilpassing av sjølvtreningsprogram, slyngebehandling (til dømes Terapimaster), med meir.​

Samarbeid

Som hovudregel har fysioterapeuten eit samarbeid med lege, sjukepleiar og hjelpepleiar. Det kan også opprettast samarbeid med andre faggrupper (til dømes ergoterapeut eller sosionom), og med førstelinetenesta.​

Aktivitetar ut over behandlingssituasjonen

​Fysioterapeuten skriv journal på pasientane i elektronisk pasientjournal (DIPS).
Vidare søker fysioterapeuten om ganghjelpemiddel, rullestol eller Tempur pute/madrass via Hjelpemiddelsentralen, eller TENS apparat via Seksjon for behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen.​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.