Forsking ved Revmatologisk avdeling

Revmatologisk avdeling driv aktiv forsking på ulike revmatologiske sjukdommar og ser det som ei viktig oppgåve for å betre tilhøva for mennesker med revmatisk sjukdom.

ansatt med prøver.foto
 

Forskinga skjer i samarbeid med mellom anna  Broegelmanns Forskningslaboratorium, Norsk kvalitetsregister for artrittsykdommer (NorArtritt), Nasjonalt register for leddproteser, NOREPOS, andre revmatologiske avdelingar i Norge og i utlandet og med andre avdelingar på Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

Som pasient på Revmatologisk avdeling kan du bli bedd om å delta i forskingsprosjekt. Deltaking er alltid frivillig og du må samtykke skriftleg. 

Som deltakar får du grundig, munnleg og skriftleg informasjon om kva studien går ut på og kva han inneber for deg som pasient. Alle studiar er godkjent av Regional Etisk Komité (REK).

Broegelsmanns ForskingslaboratoriumNorsk kvalitetsregister for artrittsykdommer (NorArtritt)Nasjonalt register for leddproteserNOREPOS


Sjögren

Avdelinga har lang tradisjon for forsking på Sjögren syndrom og forskinga skjer i tett samarbeid med Broegelmanns Forsningslaboratorium i eit internasjonalt forskingsnettverk. Mange ulike sider ved sjukdommen vert studert. Aktuelle prosjekt er sjukdomsmarkørar, nye diagnostiske metodar og ultralydundersøking av spyttkjertlar.
 

Biomarkører ved ulike leddsjukdommar

Vi har fleire forskingsprosjekt der vi leiter etter nye prøver som tidleg i sjukdommen kan seie noko om grad av betennelse, effekt av behandling og prognose.

Ultralyd av ledd i ULRA-studien

I denne studien studerer vi korleis ultralydfunn endrar seg etter oppstart av nye legemiddel. Samstundes ser vi på endring i kjensle av utmatting og trøyttleik og endring i ulike markørar i blod.  Målsettinga er å finne markørar som fortel oss kven som har nytte av ulik behandling. 

I dag må pasientar ofte prøve ut mange behandlingar før ein finn fram til kva som er mest nyttig. Det ville vore betre å kunne finne ut kva slags behandling som verkar på førehand.

Innsetting av leddprotesar

Færre pasientar med inflammatoriske leddsjukdommar treng å få protesar i ledd. Vi ser på denne utviklinga over tid for ulike revmatiske sjukdommar i samarbeid med Nasjonalt Register for Leddproteser.

Osteoporose

Vi driv med ulike epidemiologiske studiar av osteopose (beinskjørhet) og risiko for brot i samarbeid med NOREPOS. 

NorArtritt

Frå januar 2014 skal alle pasientar med revmatisk leddsjukdom inkluderas i Norsk kvalitetsregister for artrittsjukdommar . Informasjon om sjukdom, sjukdomsaktivitet, behandling og eventuelle biverknader vert samla inn i registeret. 

Dette vil gi nyttig kunnskap om behandling av desse sjukdommane i ulike deler av landet og i ulike pasientgrupper. Slik informasjon skal brukast til å betre kvaliteten på behandlinga.

BEaBiRD

BEaBiRD, Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic disease, er ei forskingsgruppe ved Revmatologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus, nært knytta til Klinisk institutt på Universitetet i Bergen (UiB).

​ 

Pågåande forskingsprosjekt ved Revmatologisk avdeling

(per april 2016)​

Ultralydundersøking ved Sjøgrens syndrom
(ved Sten Daniel Hammenfors, lege i spesialisering og PhD-kandidat)

    • Prosjekt 1: Utvikling av ein metode for å automatisk analysere funn i ultralydbilder av spyttkjertlar hos pasientar med Sjøgrens syndrom (pSS).
    • Prosjekt 2: Ein multisenter studie med fokus på funn og diagnostiske kriterium ved bruk av ultralyd hos barn med Sjøgrens syndrom (jSS).

Ortopedisk kirurgi hos pasientar med revmatoid artritt og ankyloserende spondylitt 
(ved Tone Wikene Nystad, overlege og PhD-kandidat)

Ein undersøking av forandringar over tid relatert til betra behandling. 

    • Prosjektet undersøker førekomsten av revmakirurgiske inngrep hos pasientar med revmatoid artritt og ankyloserende spondylitt. Dette kan seie oss noko om graden av betennelse og leddødelegging i denne pasientgruppa. Vi ser på endringar over tid, og ønskar å finne kva faktorar som aukar risikoen for å få sett inn ein leddprotese eller få utført eit anna kirurgisk inngrep på grunn av revmatisk sjukdom. Auka kunnskap om dette kan gi oss betre grunnlag for å behandle pasientane våre på best mogleg måte.

Klinisk ischemisk hjartesjukdom under ein 45-års periode hos pasientar med revmatoid artritt
(ved Christian Lillebø Alsing, lege i spesialisering)

    • Nyare forsking viser at pasientar med revmatoid artritt har auka risiko for hjarteinfarkt på linje med pasientar som har diabetes. I vårt prosjekt ser vi på tilfelle av hjarteinfarkt og hjerneslag hos pasientar på Vestlandet med revmatoid artritt sammenlikna med den gjennomsnittlege befolkninga. Vår hypotese er at einskilde pasientar med revmatoid artritt er meir utsett for hjarteinfarkt eller hjerneslag. Vi ønskar å sjå på effekten av behandling av revmatoid artritt på risiko for hjarteinfarkt eller hjerneslag og å finne kjenneteikn på dei som er spesielt utsatt for slike sjukdommar.

Cellesignalering ved Inflammatorisk Leddsjukdom
(ved Lucius Bader, PhD-kandidat)

    • Revmatiske sjukdommar som er prega av leddbetennelser er nokonlunde "like" på overflata. Under overflata kan det likevel vere nokså forskjellige immunmekanismar som utløysar desse sjukdommane. I prosjektet "Cellesignalering ved Inflammatorisk Leddsykdom" undersøker vi med avanserte metodar korleis samspelet mellom immunceller i våre pasientar med leddbetennelser heng saman med f.eks. sjukdomsaktivitet og behandlingseffekt. På denne måten håper vi å kunne identifisere faste mønstre - såkalte biomarkørar, som i framtida vil kunne hjelpe oss å stille meir presise diagnosar, å skreddersy behandlinga og å overvake behandlingseffekter.
    • Utallige pasientar har bidratt til dette prosjektet ved å gi blod/immunceller til vår forskingsbiobank. Dette er vi svært takknemleg for!

Biomarkørar ved nydiagnostisert revmatoid artritt (RA)
(ved Maria Karolina Jonsson, PhD-kandidat)

    • Biomarkørar er objektivt målbare og kan fortelje om normale eller sjukelege prosesser i kroppen, eller om svar på medikamentell behandling. Biomarkørar kan målast i mengde og bidrar til å stille diagnose, vurdere sjukdomsutvikling og overvake behandlingsrespons. Vi ønskar å undersøkje omt nærvær av biomarkørar ved diagnose og ein rekkje tidspunkt i sjukdomsforløpet er forbundet med sjukdomsaktivitet og/eller kan forutseie behandlingseffekt og utvikling av skjelettskade hos pasientar med nydiagnostisert RA.

Kjempecellearteritt i Bergen og omegn 1972-2012. En kartlegging av insidens, mortalitet, storkarskomplikasjoner, kreftforekomst og øvrige dødsårsaker 
(ved Lene Kristin Brekke, overlege og PhD-kandidat)

Kjempecellearteritt er den vanlegaste systemiske vaskulittsjukdommen (blodkar-betennelse) hos personar eldre enn 50 år. Den høgaste førekomsten av sjukdommen har blitt rapportert i dei skandinaviske landa. Målet med denne studien er å undersøkje utbreiinga av sjukdommen i ein region med forventa høg førekomst. Foreløpige resultat viser ein tendens til gradvis aukende årleg insidens (antall nye tilfelle) i perioden 1972-2012. Prosjektets kommande analyser vil kartleggje førekomsten av storkarskomplikasjonar, kreftsjukdom og andre dødsårsakar hos pasientane som har fått diagnosen kjempecellearteritt.»


S100-proteiner ved revmatoid artritt
(ved Hilde Haugedal Nordal, overlege og PhD-kandidat)

Vi undersøker om proteinkomplekset calprotectin (S100A8/S100A9) og proteinet S100A12 kanskje kan reflektere leddbetennelse hos pasienter med revmatoid artritt bedre enn de tradisjonelle betennelsesmarkørene senkning og CRP. Vi ser også på om disse proteinene på et tidlig tidspunkt kan forutsi respons på behandling.»

ARCTIC 
(Aiming for Remission in Rheumatoid Arthritis (RA) 

ARCTIC er ein stor nasjonal studie av pasientar med nyoppstått leddgikt  som vert leda frå Diakonhjemmet sjukehus i Oslo. Målet for behandling av leddgikt i dag er fråvær av alle teikn på betennelse. 

I denne studien ser vi på om oppfølging med mål om fråvær av teikn på betennelse ved ultralyd er viktig for korleis det går med sjukdommen vidare.

ARCTIC Rewind

(Assessing Withdrawal of Disease-Modifying Antirheumatic Drugs in Rheumatoid Arthritis)

ARCTIC Rewind er ein  nasjonal studie av pasientar som er vellukka behandla for  leddgikt. Studien vert leda frå Diakonhjemmet sjukehus i Oslo.  Målet for behandling av leddgikt i dag er fråvær av alle teikn på betennelse.  Når dette målet er nådd veit man ikkje korleis ein skal gjennomføre nedtrappinga på best mogeleg måte. Denne studien samanlikar ulike vis å trappe ned medisinane på.  

NOR-SWITC H Study

NOR-SWITCH Study ser vi på om skifte frå eit originalt biologisk legemiddel (Remicade) til eit biotilsvarande legemiddel (Remsima) innvirker på sjukdommen eller bivirknader. Studien vert leda frå Diakonhjemmet sjulehus i Oslo og inkuderer pasientar frå heile landet

NORD-STAR study

NORD-STAR study samanliknar 4 ulike behandlinger ved nyoppdaga leddgikt,  3 ulike biologiske legemidlar  og konvensjonell behandling. Denne studien er eit nordisk samarbeid som vert leda frå Karolinska Sjukhuset.