Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest er eit regionalt ressurssenter for helsepersonell som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.
Våre oppgåver er forsking og fagutvikling, undervisning og opplæring og å fremje og koordinere palliativt arbeid i Helseregion Vest.
Om kompetansesenteret
Kompetansesenter for lindrande behandling skal fremme palliasjon i heile Helseregion Vest ved å styrke kompetanse bygd på eit heilskapleg menneskesyn og gode fagkunnskapar.
Dette skal skje gjennom å
- fremme klinisk arbeid i palliasjon på alle nivå
- fremme forsking og fagutvikling
- fremme organiseringa av eit heilskapleg tenestetilbod
- fremme etisk refleksjon
- auke kunnskapen om palliasjon i befolkninga generelt
Arbeidet skal vere prega av kompetanse, samarbeid, respekt og engasjement.
Kompetansesenteret skal arbeide for å styrke kompetansen i grunnleggande palliasjon generelt i helsetenesta. Senteret har eit særleg ansvar for å styrke kompetansen hos helsearbeidarar som arbeider spesifikt med palliasjon i heile eller delar av stillinga si.
Palliasjon til pasientar som ikkje har kreft, skal vere basert på pasienten sine behov og skje i tett samarbeid med kollegaer frå det aktuelle fagområdet.

Kompetansesenteret er godkjend som internasjonalt referansesenter for International Collaborative for Best Care for the Dying Person og samarbeidende senter i European Palliative Care Research Centre (PRC).
Kva kan vi brukast til?
- Oversikt over kva som skjer innan lindrande behandling i Helseregion vest
- Informasjon om aktuelle institusjonar og tiltak i regionen
- Bistand til planarbeid
- Oversikt over kurs og utdanningstilbod innan lindrande behandling
- Informasjon om aktuelle forskings- og fagutviklingsprosjekt
- Informasjon om lindrande behandling nasjonalt og internasjonalt
- Kontaktar i Helseregion Vest, nasjonalt og internasjonalt
Målgruppe for palliasjon
Ca 95% av pasientane på palliative einingar i sjukehus er i dag kreftpasientar. Også i kommunehelsetenesta dominerer denne gruppa de palliative pasientane. Men fagområdet har dei seinare åra blitt utvida også til andre pasientar med alvorleg, livstruande sjukdom, t.d. nevrologiske sjukdommar, kronisk lungesjukdom og hjartesvikt.
I nokre anbefalingar er den palliative pasientpopulasjonen avgrensa til pasientar med antatt forventa levetid mindre enn 9-12 månader. I realiteten er den palliative fasen ein prosess som startar når det vert erkjent at sjukdommen ikkje kan lækjast, og vert avslutta når pasienten døyr. Palliasjon inkluderer og sorgarbeid og oppfølging av etterlatne.
Alle nivå i helsetenesta tar hand om døyande pasientar og pasientar i palliativ fase, og alt helsepersonell må derfor kjenne til grunnleggande palliasjon.
Dokumenter
Brosjyre KLBStrategidokument 2020-2023 (pdf)Årsrapport 2019, fullversjon (pdf)Årsrapport 2019, kortversjon (pdf)Tilsette
Dagny Faksvåg Haugen
Leiar/seksjonsoverlege
55 97 58 31
Grethe Skorpen Iversen
Nettverkskoordinator, Livets siste dager
992 04 009
Ann-Kristin Øren
Undervisningssjukepleiar
55 97 57 95
Elisabeth Romarheim
Kreftsjukepleiar
55 97 57 95
Katrin Sigurdardottir
Overlege
55 97 58 24
Kjersti Solvåg
Forskingssjukepleiar, iLIVE-prosjektet
918 80 659
Aud Myhre
Sekretær
55 97 58 24
Nettverksmodellen
Kompetansesenteret har knytta til seg eit tverrfagleg nettverk med kliniske medarbeidarar frå alle fire helseføretaksområda i regionen i bistillingar.
Helse Bergen
Margrete Einen
Farmasøyt, Haukeland Sjukehusapotek
tlf 55 97 52 57, calling 9-7747, mandag
Tone-Lise Frantzen
Spesialist i onkologisk fysioterapi, Rehabiliteringstjenester, Haraldplass Diakonale Sykehus
tlf 55 97 94 00, tirsdag
Synnøve Glesnes
Ergoterapispesialist, Kreftavdelingene og Spinalenheten, Haukeland universitetssjukehus
tlf 55 97 54 71, fredag
Gunn Hannisdal
Kreftsjukepleiar, Palliativt team, Smertebehandling og palliasjon, Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus
tlf 55 97 73 24, mandag
Helse Fonna
Grete Skeie Sørhus
Kreftsjukepleiar i Vindafjord kommune, Vindafjordtunet
tlf 53 65 59 06, 48 89 12 11, tirsdag
Helse Førde
Camilla Norstrand
Kreftsjukepleiar og kreftkoordinator, Askvoll kommune
tlf 459 75 809, evt 971 72 827
Marthe Hauge Aase
Kreftsjukepleiar, Kreftavd., Palliativt team, Helse Førde
tlf 57 83 96 65, tirsdag
Helse Stavanger
Janet Bakken
Sjukepleiar, Mobilt Palliativt Team, ABK, Stavanger universitetssjukehus
tlf 51 51 89 01, torsdag
Margunn Byberg
Kreftsjukepleiar, Lindrende enhet, Sola sjukeheim
tlf 51 29 15 36, torsdag
Hartwig Kørner
Overlege og professor, Gastrokirurgisk avdeling, Stavanger universitetssjukehus
tlf 05151, torsdag
Lars Helge Myrset
Sykehjemsprest, Tasta sykehjem
tlf 51 56 85 00 / 92 20 57 19, torsdag
In English
English pagesKva er lindrande behandling?
Lindrande behandling er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med sjukdom som ikkje kan lækjast og kort forventa levetid.
Sjå meir om lindrandre behandling
Spørjeundersøking: Omsorg for døyande under covid-19-pandemien. Pårørande, helsepersonell og frivillige sine opplevingar og erfaringar Denne undersøkinga er no lukka. Takk til alle som har deltatt.