Sosiale og trygdemessige forhold for pasientar som får palliativ behandling.
Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgen har også eit kapittel om sosiale og trygdemessige forhold for pasienter som får palliativ behandling. (Kapittel 2 Kjenneteikn og utfordringar ved palliasjon). Dette handlingsprogrammet er gitt ut av Helsedirektoratet.
Kreftforeninga har rådgivarar som gir råd og informasjon om rettar og muligheiter ved kreftsjukdom.
Pleiepengar for pleie av ein nær pårørande.
Til medlem som i heimen pleier ein nær pårørande i livets sluttfase, vert det ytt pleiepengar i opptil 60 dagar for kvar pasient. Informasjon om vilkår for pleiepengar på NAV sine nettsider, samt elektronisk blankett for Legeerklæring ved krav om pleiepenger ved pleie av nærstående i hjemmet i livets sluttfase
Kort informasjon om pleiepengar (pdf)
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.