We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Kompetansesenter i lindrande behandling
Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest er eit regionalt ressurssenter for helsepersonell som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.
Våre oppgåver er forsking og fagutvikling, undervisning og opplæring og å fremje og koordinere palliativt arbeid i Helseregion Vest.
Kompetansesenter for lindrande behandling skal fremme palliasjon i heile Helseregion Vest ved å styrke kompetanse bygd på eit heilskapleg menneskesyn og gode fagkunnskapar.
Dette skal skje gjennom å
fremme klinisk arbeid i palliasjon på alle nivå
fremme forsking og fagutvikling
fremme organiseringa av eit heilskapleg tenestetilbod
fremme etisk refleksjon
auke kunnskapen om palliasjon i befolkninga generelt
Arbeidet skal vere prega av kompetanse, samarbeid, respekt og engasjement.
Kompetansesenteret skal arbeide for å styrke kompetansen i grunnleggande palliasjon generelt i helsetenesta. Senteret har eit særleg ansvar for å styrke kompetansen hos helsearbeidarar som arbeider spesifikt med palliasjon i heile eller delar av stillinga si.
Palliasjon til pasientar som ikkje har kreft, skal vere basert på pasienten sine behov og skje i tett samarbeid med kollegaer frå det aktuelle fagområdet.
Kompetansesenteret er godkjend som internasjonalt referansesenter for International Collaborative for Best Care for the Dying Person og samarbeidende senter i European Palliative Care Research Centre (PRC).
Kva kan vi brukast til?
Oversikt over kva som skjer innan lindrande behandling i Helseregion vest
Informasjon om aktuelle institusjonar og tiltak i regionen
Bistand til planarbeid
Oversikt over kurs og utdanningstilbod innan lindrande behandling
Informasjon om aktuelle forskings- og fagutviklingsprosjekt
Informasjon om lindrande behandling nasjonalt og internasjonalt
Kontaktar i Helseregion Vest, nasjonalt og internasjonalt
Målgruppe for palliasjon
Ca 95% av pasientane på palliative einingar i sjukehus er i dag kreftpasientar. Også i kommunehelsetenesta dominerer denne gruppa de palliative pasientane. Men fagområdet har dei seinare åra blitt utvida også til andre pasientar med alvorleg, livstruande sjukdom, t.d. nevrologiske sjukdommar, kronisk lungesjukdom og hjartesvikt.
I nokre anbefalingar er den palliative pasientpopulasjonen avgrensa til pasientar med antatt forventa levetid mindre enn 9-12 månader. I realiteten er den palliative fasen ein prosess som startar når det vert erkjent at sjukdommen ikkje kan lækjast, og vert avslutta når pasienten døyr. Palliasjon inkluderer og sorgarbeid og oppfølging av etterlatne.
Alle nivå i helsetenesta tar hand om døyande pasientar og pasientar i palliativ fase, og alt helsepersonell må derfor kjenne til grunnleggande palliasjon.
Informasjon og verktøy for deg som arbeider med alvorleg sjuke og døyande.
Du finn blant anna informasjon om individuell plan, førehandssamtalar, Livets siste dagar, behandlingsalgoritmar for vanlege symptom hos døyande / dei fire viktigaste medikamenta, medikamentskrin, legemiddelinformasjon, ESAS, tilvisingsrutinar og smertepumpe.
Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Vest
I Helse Vest har vi bygd opp nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling. Målet med nettverka er kompetanseheving og samhandling slik at behandlinga blir best mogeleg på alle nivå i helsetenesta.