Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Søvnlidingar

Søvnlidingar omfattar seks ulike diagnosegrupper: Søvnrelaterte respirasjonslidingar, hypersomnilidingar, insomnilidingar, søvnrelaterte rørslelidingar, paraomniar og døgnrytmelidingar. Felles for alle søvnlidingane er dårleg eller uroleg søvn med nedsett dagfunksjon som resultat. Diagnosane som skil seg tydeleg frå kvarandre når det gjeld kva behandling som blir anbefalt.

Tilvising og vurdering

Dei aller fleste av diagnosane innanfor søvnfeltet blir handterte utanfor sjukehus.

Tilvising til sjukehus er spesielt aktuelt når det trengst utgreiing med objektive søvnregistreringar. Det betyr at fastlegane primært tilviser pasientar der det er mistanke om søvnrelaterte respirasjonslidingar (som for eksempel obstruktiv søvnapne) eller sentrale hypersomnilidingar (som for eksempel narkolepsi).

Om det ikkje er mistanke om slike lidingar, vil pasienten vanlegvis ikkje bli utgreidd eller behandla i spesialisthelsetenesta. Ventetida til utgreiing/behandling på sjukehus er dessverre lang mange stader i landet, men vil avhenge av kva fastlegen skriv i tilvisinga. Det vil seie at dei mest alvorlege søvnlidingane vil prioriterast.

Ifølge Nasjonal prioriteringsrettleiar skal pasientar med søvnrelaterte respirasjonslidingar takast imot på sjukehuset innan 6 månader etter mottatt tilvising, og innan 12 veker ved spesifikke tilleggskriterium.

Tilvising for mogleg søvnrelatert respirasjonsliding

  • Rapporterer pasienten om høglydt snorking og/eller uttalt trøyttleik om dagen?
  • Rapporterer sengepartnaren om gjentatte pustestoppar under søvn? (da er sjansane for obstruktiv søvnapne store)
  • Vaknar pasienten av kvelingssanseinntrykk eller gispar etter luft?
  • Vekt/høgde/BMI bør takast med i tilvisinga
  • Mange søvnapnepasientar har tilleggslidingar som hypertensjon, depresjon, kognitiv dysfunksjon, koronarlidelse, hjerneslag, hjartesvikt, atrieflimmer eller diabetes mellitus. Ta dette med i tilvisinga.
  • Skåre på Epworth søvnigheitsskala bør vere med (har noko å seie for prioritering)
  • Blir pasienten påverka i privatliv, jobb etc.? Behov for sjukmelding?
  • Kan pasienten vere ein risiko i trafikken? Helsekrav til førarkort er ikkje oppfylt når bevisstheita kan svekkast av påtrengande søvnigheit eller ukontrollerbar søvn.
  • Bruker pasienten medisinar?

Tilvising for mogleg sentral hyperomniliding

  • Rapporterer pasienten om daglege periodar med uimotståeleg søvnigheit og søvnanfall?
  • Rapporterer pasienten om uvanleg stort søvnbehov?
  • Kor lenge søv pasienten?
  • Rapporterer pasienten om episodar med plutseleg tap av muskelkraft, gjerne utløyst av emosjonar? (teikn på katapleksi – vanleg ved narkolepsi type 1)
  • Skåre på Epworth søvnigheitsskala bør vere med
  • Blir pasienten påverka i privatliv, jobb etc.? Behov for sjukmelding?
  • Kan pasienten vere ein risiko i trafikken? Det har komme nye helsekrav til førarkort. Dersom pasienten har påtrengande søvnigheit eller ukontrollerbar søvn i samband med køyring er helsekravet ikkje oppfylt. Dette bør kommenterast i tilvisinga.
  • Andre tilleggsplager/lidingar? Overvekt? Depresjon?
  • Bruker pasienten medisinar?

Tilvising for søvnrelaterte rørslelidingar (til dømes «Restless Legs Syndrom») er vanlegvis ikkje nødvendig. Om standard medikamentell behandling ikkje hjelper, vil enkelte sjukehus vurdere å ta imot pasienten til søvnregistrering.

Tilvising for alvorleg parasomni kan vere aktuelt, spesielt dersom det er mistanke om skadeleg åtferd under søvn. Dette må da tydeleg komme fram av tilvisinga.

Tilvising for insomni og døgnrytmelidingar   vil vanlegvis bli avvist. Grunnen er at diagnosane ikkje krev objektive søvnregistreringar. Utgreiing på sjukehus kan vere aktuelt dersom det er uklarleik rundt diagnosen, behandling ikkje har ført fram, eller lidingstrykket er uvanleg stort. Det er da viktig at slike opplysningar kjem fram i tilvisinga.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Gamle hovedbygg Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)

Kontakt Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.