Restless legs
Les meir om behandling av restless legs på sovno.no
Restless legs, eller urolege bein, blir kjenneteikna av ubehagelege sanseinntrykk eller kriblingar i beina, som blir lindra av rørsle/aktivitet. Når plagene er av ei viss alvorsgrad og hyppigheit blir kalla det restless legs syndrom.
Dei aller fleste med symptom på rastlause bein blir handterte utanfor sjukehus. Tilvising til sjukehus er vanlegvis berre aktuelt når det trengst utgreiing med objektive søvnregistreringar.
Grunnar til å bli tilviste til spesialisthelsetenesta er svært store plager med behov for sjukmelding og der standardbehandling ikkje har hatt effekt. Det kan også vere grunn til tilvising om du har fleire nevrologiske symptom enn rastlause bein.
Ved alvorlege søvnplager på grunn av rastlause bein bør nærare utgreiing av søvn med søvnregistrering vurderast.
Nye og store framsteg har ført til at restless legs syndrom i dag kan behandlast relativt effektivt. Val av behandling er avhengig av grada av symptom.
Les meir om behandling av restless legs på sovno.no
Restless legs blir rekna som ei nevrologisk liding som varer livet ut, men symptoma kan variere frå dag til dag. Dei fleste pasientane opplever god effekt av behandling, og kan fungere normalt på arbeid og i sosiale samanhengar.
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen