Periodiske beinrørsler under søvn (PLMS)
Periodiske beinrørsler under søvn (PLMS) blir karakterisert av episodar med gjentekne, einsarta beinrørsler under søvn.
Kjenneteikn
Desse beinrørslene blir kjenneteikna av at
- du rykkvis bøyer stortær, anklar og kne
- samantrekkingane kjem regelmessig natta gjennom
På engelsk blir tilstanden kalla «periodic limb movements in sleep», og understrekar at det ikkje berre er beina, men også armane som kan bevege seg. Beinrørsler er likevel klart vanlegast. Desse beinrørslene kan forstyrre søvnen, og gi hyppige oppvakningar. Det er ofte søvnproblem som fører pasienten til legen.
Utredning
Diagnosen blir stilt ved bruk av avansert søvnregistrering (polysomnografi). Ved mistanke om PLMS bør derfor fastlegen tilvise pasienten vidare til sjukehus/søvnsenter med kompetanse innanfor søvnregistrering. Somme personar kan ha slike beinrørsler utan andre symptom.
For at det skal kallast ein «liding» må pasienten i tillegg ha søvnvanskar eller auka søvnigheit på dagtid, utan at dette kan forklarast på annan måte. Alvorsgrada blir vurdert etter talet på beinrørsler per time. Diagnosen PLMS kan likevel ikkje stillast utan slik registrering.
Behandling
Behandlinga er medikamentell, og tek sikte på å betre søvnkvaliteten og gi ein reduksjon i søvnigheita på dagtid. Det er fleire ulike preparat som er aktuelle, men førstevalet er dopamin-agonister. Mange pasientar responderer godt på slik behandling.
Oppfølging
PLMS blir rekna som ei kronisk liding, som varer livet ut.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Søvnpoliklinikken
Oppmøtestad
Ekspedisjonen vår finn du i 2. etasje i Gamle Hovudbygg på Haukeland universitetssjukehus.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen