Diagnosen søvnapné blir stilt etter måling av pustemønsteret om natta. Søvnregistreringsutstyret består av ein liten boks som er tilkopla forskjellige leidningar som måler luftstraumdraga gjennom nase og munn, snorkelyd, pustebevegelsane i brystkasse og mage, surstoffinnhaldet i kroppen, pulsrytmen og kroppsposisjonen. Eit slikt polygrafi-utstyr kan koplast på om ettermiddagen og ein kan deretter sove med utstyret på, gjerne i heimen eller på sjukehotell.
Av og til ønsker ein ei fullverdig søvnregistrering – polysomnografi (PSG). I tillegg til dei same målingane som ved polygrafi, undersøker ein òg søvnstadium ved hjelp av leidningar festet til hovudet, i tillegg til leidning til beina for å måla uroleg søvn på grunn av hyppige beinbevegelsar.
