Revmatologisk avdeling driv undervisning, utdanning av helsepersonell og forsking innan revmatiske sjukdommar. Vi arbeider tverrfagleg og har mange yrkesgrupper knytta til avdelinga. skal dekke lokale og regionale behov for spesialisthelsetenester innan revmatologi for vaksne frå 16 år.
Revmatiske sjukdomar blir ofte definert som sjukdommar med og utan betennelse i musklar, sener, ledd og bindevev. Revmatologisk avdeling driv med utgreiing, diagnostikk, behandling og rehabilitering av pasientar med disse sjukdomane. Avdelinga driv også forsking, fagutvikling, utdanning av helsepersonell og undervisning.
Revmatologisk avdeling har legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, assistentar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, farmasøyt og sosionom. Vi tilbyr undersøking, rettleiing og nødvendig behandling innan sitt fagområde. Desse yrkesgruppene arbeider på alle våre seksjonar.
Undersøking og behandling ved Revmatologisk avdeling skjer etter tilvising frå lege. Dei siste åra er det tatt i bruk ny og kostbar medisinsk behandling for revmatiske sjukdomar, og avdelinga har eit aktivt behandlingstilbod for disse.
Leiing og administrasjon
Avdelingsdirektør, Alf Henrik Andreassen
Avdelingsoverlege, Merete Valen
Seksjonsleiar poliklinikk og dagpost, Kristin Soltveit
Seksjonsleiar kontor, Trude Hagenes Nyland