Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk-, Kreft- og Lungeavdelinga, Mottaksklinikken og Palliativt team

Seksjonsleiar: 

Theresa Johannessen 

Telefon: 55 97 29 28 / 55 97 29 09

Theresa.johannessen@helse-bergen.no 

 

Bemanning: 

Ca. 15 årsverk fordelt på 17 fysioterapeutar og ein aktitvitør 

 

Kvar er vi?  

  • Kreft, Lunge, Medisin og Mottak: kontor i Armauer Hansens hus, sengepostar i Sentralblokka og Parkbygget 
  • Palliativt team: kontor i Glasblokkene og Konrad Birkaugs hus, sengepost i Glasblokkene 
  • Overvektpoliklinikken: Lærings- og meistringssenteret, Ulriksdal  
  • Lungerehabiliteringa: U.etg. Sentralblokka  

 

Arbeidsområde  

Vi følgjer opp innlagte pasientar individuelt og pasientar i poliklinikk individuelt og i grupper. Det er 15 sengepostar knytta til seksjonen ved Kreftavdelinga, Lungeavdelinga, Medisinsk klinikk, Mottaksklinikken, KSK/Intensiv og Palliativ sengepost. I tillegg kjem sengepostar som henviser for vurdering eller behandling av lymfødem, innstilling av hostemaskin eller til Palliativt team. Vi undersøkjer og behandlar pasientar med problemstillingar knytta til den avdelinga dei er innlagt ved. Vi arbeider sjølvstendig og i team. Ved seksjonen utfører vi akutt behandling, rehabilitering, palliativ behandling og vurdering av blant anna fysisk funksjon, respirasjon, smertetilstandar og lymfødem. Behandlinga går føre seg på sengepostane og på treningsrom. Vi følgjer opp pasientar som tilhøyrer våre ansvarsområde ved intensivavdelinga 

 

Vi har poliklinisk tilbod til grupper for trening og undervisning ved Lungeavdelinga, Poliklinikk for overvekt og Smerteklinikken. Vi gir individuell poliklinisk oppfølging ved Lungeavdelinga, Poliklinikk for overvekt og Kreftavdelinga. 

Vi bidreg med utprøving, tilpassing og rekvirering av enkelte hjelpemiddel og utstyr til behandling 

Vi underviser blant anna ulike pasientgrupper og deira pårørande, kollegaer, studentar v/høgskular, samt rettleiing av studentar i praksis, turnuskandidatar og hospitantar 

Vi deltek i nettverk for ergo- og fysioterapeutar innan dei enkelte respektive fagfelt. 

 

Her er informasjon om avdelingane vi er knytta til: 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 19.09.2024