Medisinsk klinikk har fem fagseskjonar:
Klinikken har ein felles poliklinikk for ulike pasientgrupper tilhøyrande desse fagseksjonane.
Utdanning og forsking
Vi driv og med forsking, utdanning av helsepersonell.
Dette krev eit sterkt fagmiljø i kontinuerleg utvikling og samarbeid på tvers. Medisin- og sjukepleiarstudentar får undervisning, og legar får spesialistutdanning innan indremedisin med tilhøyrande greinspesialitetar. Vi har også kliniske spesialutdanningar for sjukepleiarar innan gastro, infeksjon, diabetes, kreft og nyre.
Nasjonale funksjonar
Klinikken har fleirregionalt behandlingsansvar for allogene stamcelletransplantasjonar og har ansvar for nasjonale kompetansesentre for tropiske infeksjonssjukdommar, gastroenterologisk ultrasonografi, og funksjonelle mage- og tarmlidningar. Klinikken har og nasjonale kvalitetsregister for nyrebiopsiar og organspesifikke autoimmune sjukdommar.
Samarbeid
Klinikken har eigne einingar for dialyse og gastroenterologiske spesialundersøkingar. Sistnemnde blir delvis driven i samarbeid med Kirurgisk klinikk og Barneklinikken. Medisinsk avdeling samarbeider på fleire felt særleg tett med Hjarte- og Lungeavdelinga, blant anna gjennom vaktsamarbeid og ansvar for felles turnuslegar. Klinikken har lokalsjukehusfunksjon og er også referanseavdeling for spesialfunksjonar innan lokalt og regionalt helseføretak.
Metodebok i Akutt Indremedisin
Metodebok i akutt indremedisin, Lommeutgave, 8. utgave, 2020.
Boken er et viktig og nyttig verktøy for alle leger som går i vakt ved de indremedisinske avdelingene. Boken brukes mye, også av leger utenfor Haukeland universitetssjukehus.
Kjøp Metodebok i Akutt Indremedisin
Metodeboken er tilgjengeliggjort på internett. Du finner den under Fellesdokumenter HBHF Pasientbehandling:
https://ek.helse-bergen.no/portal.aspx?rpmain=2&rppage=5#