Kontroller på Medisinsk poliklinikk
Vi prøver å gi deg time til same lege/sjukepleiar kvar gong du er her. Du blir kalla inn til kontroll på poliklinikken omlag kvar tredje månad. Men for dei som har god kontroll på sin diabetes kan det vere nok med ein kontroll i året. Dette vil variere og bli tilpassa kvar enkelt. Oppfølging av deg med diabetes gjerast av helsepersonell ved Seksjon for hormonsjukdommar som er ein del av Medisinsk klinikk.
Registrer deg i luka til Medisinsk poliklinikk og dageining sin eksepedisjon.
Ekspedisjonen ligg i etasje 2 i Sentralblokka. Gå til venterommet som dei i ekspedisjonen viser til. Din behandlar kjem og hentar deg.
Her finn du meir kontaktinformasjon til Medisinsk poliklinikk og dageining
Sist oppdatert 07.02.2022