Vi har felles ekspedisjon og telefonsystem for fleire av våre poliklinikkar, herunder:
- Nefrologisk poliklinikk
- Endokrinologisk poliklinikk
- Gastroentrologisk poliklinikk
- Hematologisk poliklinikk
- Poliklinikk for infeksjon
Dersom du ønsker å endre eller avbestille timeavtale, kan du enkelt gjere dette på nett.
Medisinsk undersøking
Telefon 55 97 21 30 / 31 / open måndag - Fredag kl. 08.00-15.30
Poliklinikk for overvekt
Telefon 55 97 00 20 / telefontid måndag - fredag kl. 09.00-11.00 og 12.00-14.00.
Tilvising frå lege
Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev heim til deg om tid, stad og kva undersøkingar du eventuelt skal gjennomgå.
Utgreiing og kontroll
Etter at diagnose er stilt vurderer lege om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling. Nokre pasientar kjem til kontroll etter å ha vore innlagde på sjukehuset og ein del pasientar med kroniske sjukdommar blir jamleg undersøkte av spesialist i poliklinikken.
Dagbehandling
Dagbehandlingseininga er eit tilbod til pasientar som treng å vere i avdelinga i minst fem timar, men som ikkje treng innlegging i sengepost. Dagpasientane har eige opphaldsrom og får mat på avdelinga.