Palliativt Team

Palliativt team bidrar med råd og rettleiing innan lindrande behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg livstruande sjukdom. Vi har tilsyn med pasientar som er innlagt på Haukeland universitetssjukehus. Pasienten er tilvist frå lege på den aktuelle posten.

Les meir om Palliativt Team

Palliativt Team

Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe med brei kompetanse som skal bidra med råd og rettleiing innan lindrande behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg, livstruande sjukdom.

Teamets medlemmer:

Sjukepleiarar, legar, psykologar, fysioterapeut, sosionom, sjukehusprest og klinisk ernæringsfysiolog.

Målet vårt

Målsetting med lindrande behandling er å gje best mulig livskvalitet til pasient og pårørande ved

  • å lindre smerter og andre plagsame symptom.
  • å ha fokus på det som er viktig for pasientar og pårørande med omsyn til fysiske, psykiske, sosiale og andelege/eksistensielle behov.
  • å legge til rette for god organisering av tenestene som den enkelte pasient og pårørande har behov for.

Vårt tilbod

  • tilsyn til inneliggande pasientar.
  • råd, rettleiing og samarbeid med helsepersonell som har ansvar for dagleg oppfølging av pasienten, og saman med avdelinga planlegge den palliative behandlinga.
  • vurdering og tilvising til andre palliative tilbod utanfor sjukehuset.
  • hjelp til å opprette ein individuell plan.
  • samtalar med pasient og/eller pårørande, inkludert barn og unge.
  • informasjon om rettar og muligheiter, og hjelp til praktiske og økonomiske spørsmål.
  • rettleiing og tiltak frå fysioterapeut.
  • delta på samarbeidsmøte saman med familien og personell frå sjukehusavdelinga og kommunehelsetenesta, til dømes heimesjukepleiar eller fastlege.
  • opplæring i bruk av medisinsk utstyr i heimen, til pårørande eller personell i heimetenestene.

Samarbeid

  • med helsepersonell på sjukehus.
  • med heimetenesta, fastlege og sjukeheim.
  • med andre tilbod (t.d. Sunniva senter for lindrande behandling).

Korleis ta kontakt

inneliggande pasientar blir tilvist av lege. (sekundærhenvisning i DIPS)
Palliativt team kan kontaktast for råd og vurdering. 

Kontakt

Oppmøtestad

Mandag 24. september flytter Seksjon for smertebehandling og palliasjon fra Haukelandsbakken 2 til Barne- og ungdomssjukehuset, 4. et. I blokk 1.

Møt opp i ekspedisjonen i 1. etasje.

Telefon
55977320

Telefaks
55974010
E-post
Barne- og ungdomssjukehuset
Besøksadresse
Haukelandsbakken 15(Google maps)
5021 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering

På grunn av bygging av nytt sjukehusbygg like ved, er det berre to handikap-parkeringsplassar ved BUS1. Dei fleste som kjem i eigen bil må derfor parkere ein annan stad for å kome til poliklinikken. Dei som parkerer i Sentralblokka ved Haukeland universitetssjukehus, må gå inn i foajeen i etasje 0 (same etasje som parkeringsanlegget), ta heis eller rulletrapp ned til underetasjen, og deretter følgje skilting til Barne- og ungdomssjukehuset. Når du kjem dit, må du opp ein etasje (heis eller trapp) til ekspedisjonen i 1. etasje og melde deg der.

Har du bruk for hjelp til å finne fram eller kome deg til poliklinikken, så ta gjerne kontakt med dei frivillige ved sjukehuset. Dei har raude vestar, og du finn dei i foajeen i Sentralblokka.

Du treng gjerne om lag 20 minutt frå du parkerer og til du er framme ved ekspedisjonen i Barne- og ungdomssjukehuset (BUS1).

Parkering Barne- og ungdomssjukehuset

​Det er innkøyring til Barne- og ungdomssjukehuset frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Barne- og ungdomssjukehuset.

Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Barne- og ungdomssjukehuset innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.