Treng du akutt hjelp?
- Ved kritisk eller livstruande skade eller sjukdom: Ring 113
- Ved mindre alvorleg skade eller sjukdom: oppsøk fastlege eller ring 116 117 for time på legevakt.
Spesialisering i akutt- og mottaksmedisin (AMM)
Spesialistutdanninga i akutt- og mottaksmedisin (AMM) vart oppretta som ein ny spesialitet i Noreg i 2019.
AMM-legar i Akuttmottak har fokus på den første pasientvurderinga som bestemmer kva pasient som trenger å prioriterast først, startar opp nødvendig behandling, og hentar inn anna fagspesifikk kompetanse ved behov. Akutt- og mottaksmedisinarane har ein nøkkelrolle i å sørge for god flyt av pasientar gjennom akuttmottaket, og har myndigheit til å avgjere ved kva eining i sjukehuset ein pasient skal plasserast.
Rask vurdering og betre prioritering av pasientar gjer større grad av avklaring og ferdigbehandling av pasienter i akuttmottaket, og fører til meir korrekt plassering av pasienter til spesialeiningane i sjukehuset, samt betre pasientsikkerheit.
Mottaksklinikken har tilsett fleire spesialistar i AMM, og har eigne stillingar for legar i spesialisering i AMM (LIS 1, 2 og 3). LIS-legane får opplæring og veiledning parallelt med jobb i einingane i Mottaksklinikken.
Vidareutdanning Akuttmedisinsk sjukepleie (AMS)
Vidareutdanning i akuttmedisinsk sjukepleie er ein praksisnær og forskingsbasert utdanning for sjukepleiarar som ønskjer å jobbe med pasienter i den akuttmedisinske kjeda.
Utdanninga er eit toårig deltidsstudium, som skal bidra til høg vurderings- og handlingskompetanse for sjukepleiarar i møte med pasientar med akutt og/eller kritisk sjukdom eller skade, allmennmedisinske tilstander og/eller forverring av kronisk sjukdom.
Sjukepleiarar ved dei ulike einingane i Mottaksklinikken kan få dekka studieavgift og fri til undervisning for å ta vidareutdanning i Akuttmedisinsk sjukepleie.