Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tre ansatte i Mottaksklinikken. Foto

Diagnostisk senter

Diagnostisk senter er ein del av Mottaksklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus, og held til i Korttidsposten. Senteret skal gi rask utgreiing for pasientar som blir henvist frå fastlege med symptom eller funn som gir mistanke om alvorleg sjukdom som det hastar å få avklart, og som inngår i Diagnostisk pakkeforløp (eit av pakkeforløpa for kreft). Utgreiinga skjer poliklinisk, utan innlegging i sjukehus.

Utgreiinga ved Diagnosisk senter skal gje pasienten ein avklaring av symptoma sine innan 15 dagar etter at vi har mottatt tilvising frå lege.  

Ved Diagnostisk senter har pasientane kontakt med berre éin eining for heile utgreiinga, med ein eigen sjukepleiarkoordinator. Dette gjer at utgreiinga går raskare, og at vi kan hindre ein del akutte innleggingar.  

Diagnostisk senter er bemanna med lege og sjukepleiar/koordinator, og har ope fem dagar i veka, frå kl. 08.00 til 16.00.

Frå vi har mottatt tilvising frå lege skal det gå maksimalt sju kalenderdagar før pasienten kjem til utgreiing. Utgreiinga blir planlagt nøye av lege og koordinator, som også diskuterer med andre spesialister undervegs.

Som pasient må du vere innstilt på å legge andre planar til side mens utgreiinga pågår. Tilbodet er poliklinisk, men ved behov kan ein få overnatte på pasienthotellet eller sengeeining.

Nokon gonger finn vi ein diagnose, og tilviser til vidare behandling. Andre pasienter treng meir utgreiing ved ei bestemt eining i sjukehuset. I ein del tilfelle kan vi utelukke at symptoma skuldast alvorleg sjukdom. 

For pasientar: Kva skjer når du kjem til Diagnostisk senter?

Tilvising til Diagnostisk senter  (for legar)

For legar: Tilvising til Diagnostisk senter

Diagnostisk senter skal gi rask utgreiing der fastlegen mistenkjer alvorleg sjukdom, til dømes kreft. Her er informasjon til fastlegar om tilvising hit
Tilvising til Diagnostisk senter
Lege og pasient. Foto

For pasientar: Kva skjer når du kjem til Diagnostisk senter?

Den første du vil møte er pasientkoordinator. Her får du informasjon om kva som vil skje vidare.
For pasientar: Kva skjer når du kjem til Diagnostisk senter?
Tre ansatte i Mottaksklinikken. Foto

Kontakt

Pasientkoordinator:

Postadresse

Diagnostisk senter, Mottaksklinikken, Haukeland universitetssjukehus 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. etasje i Sentralblokka på Haukeland. Følg skilt til Korttidsposten.

Besøkstider

  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Då det er avgrensa moglegheiter for parkering på Haukelandsområdet, ber vi deg om å nytte offentleg transport for å komme deg til sjukehuset. Om du treng anna transport til første undersøking ber vi deg om å kontakte fastlegen din før første besøk, slik at han kan ordne med dette.

Om du har lang eller kostbar reiseveg kan du ha krav på refusjon av utgifter til reisa. Ta vare på kvitteringar og billettar for ein eventuell seinare refusjon. Sjå elles www.pasientreiser.no for meir utfyllande informasjon omkring reiserefusjon.

Praktisk informasjon

​Ver vennleg å gi beskjed til koordinator ved første samtale om du har allergiar, matallergi eller spesielle diettar som vi må ta omsyn til, slik at vi kan legge til rette for deg.

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Utgreiinga du vil gå gjennom er basert på polikliniske undersøkingar som gjer at du må betale eigendel. Du kan sjølv velje om du vil betale eigendelen i ekspedisjonen, eller få med deg rekning heim. Dersom du har frikort ber vi deg om å ta dette med og vise det til pasientkoordinator når du kjem til timen.

For meir info om frikort sjå HELFO sine sider www.helfo.no

​Om du står på medisinar som du treng under opphaldet, ber vi om at du tek med desse. Vi ber deg også om å ta med ei oppdatert liste over faste medisinar. Om det skulle vere aktuelt med ei overnatting, bør du ta med klede og toalettsaker.

​Om du har lang reiseveg, eller at det på grunn av utgreiinga er naudsynt at du er tilgjengeleg for undersøkning, er det mogleg å overnatte på pasienthotellet til Haukeland. Gi beskjed til koordinator ved første høve om du treng overnatting, så bestiller vi det.​

​Bruker du hjelpemiddel, til dømes rullator, rullestol eller liknande,  eller har andre spesielle behov, ber vi deg om å gi beskjed om dette så snart som mogleg til koordinator.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

​Det kan bli ein del venting så du kan med fordel ta med noko å bruke tida på. På dei fleste stadane på sjukehuset kan du bruke mobiltelefon. I dei områda dette ikkje er lov, vil det vere hengt opp informasjonsskilt. På Haukeland universitetssjukehus er det også gratis trådlaust internett (WiFi) for pasientar.