Kreftbehandling og medisinsk fysikk

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane).

Les meir om Kreftbehandling og medisinsk fysikk

Kreftbehandling og medisinsk fysikk

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar, utvikling av nye behandlingstilbod og basalforsking. 

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.
Seksjon for Medisinsk fysikk har ansvar for dei strålefysiske prosessar og doseplanlegging av strålebehandlinga. I tillegg har seksjonen ansvar for service og vedlikehald av strålebehandlingsutstyret til avdelinga. 

Seksjonen yter service til alle avdelingar som nyttar stråling til diagnostikk og terapi. Det totale strålevernet ved sjukehuset blir ivaretatt av strålevernansvarleg ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk. 

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk gir ikkje-kirurgisk kreftbehandling (stråleterapi, medikamentell kreftbehandling).

Meir om oss:


Leiinga
Forsking og fagutvikling
Ris og ros
Gåvar og donasjonar

Kontakt

Oppmøtestad

Parkbygget som ligg vegg i vegg med Sentralblokka på sjukehuset.


Logg inn for å endre time
Telefon
55 97 20 10
måndag07.30-15.30
tysdag07.30-15.30
onsdag07.30-15.30
torsdag07.30-15.30
fredag07.30-15.30
Etter kl. 15.30 kjem du til Kreft post 1 / post 2. Når du ringjer til oss vil du få fleire val for å kome til riktig person.

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Pasientreiser

​Lov om pasientrettar gjer rett til å få dekt utgifter ved reise til/frå offentleg behandling i helsetenesta tilsvarande billigaste rutegåande transport.

Les meir om pasientreisar

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Atriet - oppholdsrom

Ved inngongen til Parkbygget finn du Atriet som er open for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.

Her finnast​ avisar, bladar, tv og bevertning.

Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, å nytte desse arealane. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, og vi henstiller pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet. I Atriet er det og ein lekekrok for dei minste.

For dei som skal ha behandling, er det et eiga venterom i behandlingseinheiten.

Bevertning

For pasientar som ventar på legetime eller blodprøvesvar, serverast kaffe, te, saft og skiver med variert pålegg i Atriet​​​.

I behandlingseinheiten på poliklinikken serverast kaffe, te, saft og skiver med variert pålegg.
Odd Fellow Sam Prosjektet står for serveringen.

Barn som pårørande

​Kreftavdelinga har dei siste åra satsa mykje på å inkludere barn og ungdom som har sjuk mor eller far i avdelinga. Vi har lagt vekt på å gjere seksjonane barnevennlege.

Les mer om barn som pårørande

Legat

Apotekar Gustav Holst og hustru Albertha Holst legat.
Vedtekter, §1.

"Legatet si disponible avkasting skal tildelast ubemidla kreftsjuke, som bur i Bergen og Hordaland, i ein porsjon som legatstyret finn formålstenleg og passande. Formålet med tildelingane er å gi støtte til personar som er blitt økonomisk vanskelegstilte som følgje av kreftsjukdom. 

For pasientar som etter endt behandling truleg er kurert for kreftsjukdommen sin, fell retten til å søkje om støtte bort."

Legatet har eit styre på tre medlemmar og eitt varamedlem som set i verk utdeling frå legatet. Denne verksemda blir driven frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.Utdeling blir gjort ein gong i året.

Søknadsfristen blir kunngjort på denne sida og i Bergens Tidende i juni og via Sosionomtenesten. Siste søknadsfrist var 1.september 2014.

Det vert ikkje utlyst midlar i 2017 pga låge renteavkastningar.

Kontaktpersoner ved Sosionomavdelinga:
Kari Aasen, telefon 55 97 38 01
Synneve Myklebust, telefon 55 97 38 08

Pasientbil

​Ønskjer du å låne ein bil?

Pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga kan låne pasientbil.

Planlagt innlegging - Heildøgn

​​Kreftavdelinga har to sengepostar: 
Post 1 og Post 2 syd/vest 

Innleggingssbrev

​Alle pasientar får innkalling per brev. I nokon tilfelle blir du i tillegg oppringt frå innleggingskontoret ved Kreftavdelinga.

Brevet inneheld opplysningar om:
• Dag og tid for oppmøte på aktuell sengepost. 
• Info om kva du må ta med deg 

- Toalettsaker 
- Diverse dusjartiklar 
- Tøflar 
- Undertøy m.m. 
- Privat tøy
 
• Medisinar: Ved førstegangs innlegging: Husk å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker. 
 
• Du bør ikkje ta med deg for mykje pengar, smykke eller liknande. Avdelinga har ikkje høve til å ta ansvar for verdisaker. 
 
• Kontaktperson med telefonnummer. ​
 
• Skjema for utfylling av ein del opplysningar som sjukehuset treng og som du tar med ferdig utfylt på innleggingsdagen. 
 
• Vegkart til Haukeland Sjukehus og kart over sjukehusområdet.
 

Innleggingsdagen

Tid og stad står i brevet.
Den første dagen går med til blodprøvetaking, mottak i avdelinga, informasjon og samtale med lege og sjukepleiar. Du må rekne med litt venting mellom dei ulike gjeremåla denne dagen. Etter dagens program kan det for nokon vere aktuelt å reise heim på permisjon til neste dag. Dette gjelder ofte dei som skal til cellegiftsbehandling.

Legen: Vil undersøke deg og legge inn opplysningar i journalen din.
Du vil få informasjon om vidare prøver/ undersøkingar og behandling.

Sjukepleiaren: Vil sørgje for at du blir vist til rette i avdelinga. Du vil også få ein innkomstsamtale med sjukepleiar og få ein del skriftleg informasjon om avdelinga og rutinane der.

Poliklinisk kontakt

Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallelsesbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om: 

  • Dag og tid for oppmøte.

  • Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.

  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.

  • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.

  • Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.

  • Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.

 

Praktisk informasjon

Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.

Vennligst henvend deg i skranken i Parkbygget/Atriet U.etasje ved ankomst for registrering.
Her vil du bli vist vidare til blodprøvetaking eller konsultasjon/behandling.

Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.

For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting. 
Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering. 
Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.

Pusterommet

​​​Pusterommet treningssenter er ein del av Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved Kreftavdelinga. Rehabiliteringstilbodet er for kreftpasientar med gitte diagnosar, og all fysisk aktivitet inngår i tilbodet.

Les meir om Pusterommet

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er ope for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trivselskoordinator

​​Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ein eigen trivselskoordinator. Trivselskoordinatoren har som oppgåve å gjere det triveleg for pasientar og pårørande, det vere seg i forhold til program eller omgivnad.

​​​​​​​​​​​​​​Trivselskoordinatoren
Lilly Vinje er tilsett som trivselskoordinator, og driv i tillegg Ungdomsrommet og er medlem av Styringsgruppa for pasienttrivsel. 

Kontaktdetaljar
Lilly Vinje
trivselskoordinator@helse-bergen.no

Arbeid- og telefontid
Alle formiddagar​​
55 97 82 56​

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Ungdomsrommet

Unge kreftpasientar

Utreise

​Du vil få:

  • Samtale med lege. 
  • Nødvendige papir som transportrekvisisjon, reseptar, sjukemelding osb. Utskrivingsskjema som gir deg informasjon om eventuelle medisinar, oppfølging heime og vidare avtaler med avdelinga. Dette skjemaet bør du ta med ved besøk hos fastlegen. 
  • Bruk anledninga til å spørje om ting du lurer på.

Du kan gjerne ha med deg pårørande ved utskrivingssamtalen.

Vardesenteret

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget foran Sentralblokka i sjukehusparken.

Les meir om Vardesenteret

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​

Cellegiftbehandlinghttps://helse-bergen.no/behandlinger/cellegiftbehandlingCellegiftbehandlingCCellegiftbehandlingCellegiftbehandlingCellegiftbehandlingCellegiftbehandling

Siste saker i Fotnoten

Arrangement

  • 05.09 tysdag
    Sminkekurs

    I samarbeid med organisasjonen Look Good…Feel Better arrangerer vi sminkekurs for kvinner som er under kreftbehandling.

Kompetansesenter i lindrande behandlinghttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kompetansesenter-i-lindrande-behandlingKompetansesenter i lindrande behandling
Kreft kontorseksjonhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreft-kontorseksjonKreft kontorseksjon
Kreft legetenestahttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreft-legetenestaKreft legetenesta
Kreft medisinsk fysikkhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/medisinsk-fysikkKreft medisinsk fysikk
Kreft poliklinikkhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreft-poliklinikkKreft poliklinikk
Kreft sengepost 1https://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreft-sengepost-1Kreft sengepost 1
Kreft sengepost 2https://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreft-sengepost-2Kreft sengepost 2
Kreft stråleterapihttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreft-straleterapiKreft stråleterapi
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering KORhttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/kreftsenter-for-opplering-og-rehabiliteringKreftsenter for opplæring og rehabilitering KOR
Vardesenterethttps://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/vardesenteretVardesenteret