Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Oversiktsbilde Haukelandsområdet med Glassblokkene. Foto/illustrasjon

Glasblokkene

Glasblokkene er det største byggeprosjektet på Haukeland sidan Sentralblokka stod ferdig i 1983. Trinn 1 opna i 2016. Hausten 2023 tek vi i bruk 2168 nye rom og 50.0000 kvadratmeter i trinn 2. Glasblokkene er dermed komplett, og skal i hovudsak huse barn, unge og kvinner.

Det er barn og ungdom som skal spele hovudrolla i det nye sjukehuset. Her skal ein samle all behandling av dei under 18 år som skjer på Haukeland, både innan psykiatri og somatikk. Grunntanken er at «eksperten skal komme til barnet». Det vil seie at barna og ungdommen skal få både utgreiing, behandling, opphald, skulegang og aktivitetstilbod på same stad.​ I det nye sjukehuset vil fødande kvinner og deira familier få einerom. Mor og barn vil også få moglegheit til å vere saman sjølv om ein eller begge er sjuke. 

Glasblokkene vil mellom anna innehalde sengepostar, poliklinikkrom, operasjonssalar, røntgenavdeling, intensiveining og mottak, og vil gje eit tilpassa sjukehustilbod til målgruppene.​​

Har flytta inn i Glasblokkene, trinn 1 i 2016/2017

Barne- og ungdomsklinikken (tidlegare Barneklinikken) har flytta inn i Marie Joys’ hus (nytt bygg sør for Sentralblokka, like ved helikopterdekket) i påvente av at trinn 2 står ferdig ved årsskiftet 2022/2023.

Flyttar inn i Glasblokkene, trinn 2 i 2023

​Det største byggeprosjektet på Haukeland sidan Sentralblokka stod ferdig i 1983. Byggeprosjektet starta med trinn ein i 2011, som stod ferdig hausten 2016. Trinn to skal stå ferdig ved årsskiftet 2022/2023. Innflytting skjer i hausten 2023. 

Utanom bygginga av Sentralblokka, er bygginga av det nye sjukehuset det største prosjektet på Haukeland nokon sinne. 

Arealet til det nye sjukehuset vil vere omlag 79 000 kvadratmeter når alt står ferdig.
  • Byggetrinn to er 50.000 kvadratmeter fordelt på 2168 rom
  • Dette inkluderer blant annet 12 operasjonssaler, akuttmottak, laboratorium, sengeposter, poliklinikker og kafé.​
​Samla investeringskostnadar utgjer om lag 5,4 milliardar kroner​. 

Glasblokkene vil ha omlag 80 prosent einerom. Prosjektet "Innovative løysinger for einerom i sykehus" har gått igjennom relevant kunnskap og erfaringar om einerom i sjukehuset for å kartlegge utfordringar og moglege løsingar. 

Første byggetrinn stod ferdig hausten 2016. Dei første som tok plass i det nye bygget var Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) og Energisenteret for barn og unge. Delar av Psykiatrisk klinikk (tidlegare Klinikk for psykosomatisk medisin) flytta også inn i det nye bygget, men berre mellombels medan ein ventar på at areal i andre bygningar blir frigjort.​

Under trinn to av byggeprosjektet vart bygga som tidlegare husa Barneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge rive. Barne- ungdomsklinikken har mellombels flytta inn i eit avlastningsbygg kalla "Marie Joys’ hus" (nytt bygg sør for Sentralblokka, like ved helikopterdekket), til trinn to står ferdig ved årsskiftet 2022/2023. Sommaren 2023 flyttar vi inn og tar i bruk heile arealet i Glasblokkene.

Det nye barne- og ungdomssjukehuset som er under bygging på Haukeland, blir bygt med framtidas energiløysingar; energibrønnar, varmesentral og vindauge med innebygde solceller.

Ny teknologi og stadig utvikling av prosjektet har gjort at Helse Bergen har halvert det opphavlege energimålet frå å bruke 332 kilowattimar per kvadratmeter i året til 161 kilowattimar per kvadratmeter. Bygget har fått energimerke A, mellom anna fordi energibrønnar skal gi bergvarme til ein felles varme- og kjølesentral for begge byggetrinn. I byggetrinn to blir 1400 kvadratmeter med gjennomsiktige solceller integrert i glasa i vindauga.

Byggeprosjektet har fått 39 millionar i støtte frå Enova gjennom programmet «Energieffektive nybygg». Når det nye barne- og ungdomssjukehuset står ferdig i 2023, vil det bli overført rundt 500 000 kWh til Sentralblokka på sjukehuset, og denne energien skal brukast til å varme opp tappevatnet i Sentralblokka. Strømmen frå solcellene kan brukast til å lade sjukehuset sine elbilar.

Vi har ein visjon om at pasientar og deira familiar skal få oppleve eit heilskapleg, tilpassa og samanhengande spesialisthelsetenestetilbod - heilt frå før fødselen, gjennom sped– og småbarnsalder, i ungdomsåra og fram til ung voksen alder. 

Skal vi få til dette må vi gjere meir enn å bygge hus. Gjennom eit omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt jobbar vi dagleg med å førebu oss til å ta i bruk det nye sjukehuset. Vi ser på og utviklar pasientforløp og arbeidsprosessar. Vi jobbar med å sjå korleis teknologi, kompetanse, kultur og organisering kan underbygge visjonen.  

Leiar for organisasjonsutviklingsprosjektet: Elisabet Nørvåg

 

Ea er storbrukar av tenestene ved Haukeland. Ho og mora Karethe ser fram til at det nye sjukehuset er på plass i 2023.

I 2006 kåra juryen vinnarforslaget etter ein arkitektkonkurranse om korleis Barne- og ungdomssjukehuset skal sjå ut. Plan- og designkonkurransen omfatta heile byggeprosjektet. Vinnarforslaget var konseptet "Knase Tangenter".


 

Ea er ofte innom ulike avdelingar på Haukeland. Ho og mora Karethe ser fram til at det nye sjukehuset står klart i 2023. - Det blir bra at alle som jobbar med barn er samla ein stad. Vi håper på meir koordinerte timer og eit sjukehus som er tilpassa barn og unge, seier Karethe Solstad.

 
SLIK BLIR GLASBLOKKENE: I filmen over får du bli med inn og sjå bygget tre år før opning - i kombinasjon med digitale animasjonar som viser korleis Glasblokkene blir i framtida. 

Kvinneklinikken flytter

7. november flytter Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. Her finn du informasjon om kor vi held til, korleis du finn vegen, opningstider og anna praktisk informasjon.
Gå til flyttesida
Glasblokkene_foto

Barn og unge flytter til Glasblokkene

Frå i haust finn du oss i nye lokaler på Haukeland. På denne sida finn du informasjon om kor vi held til, korleis du finn vegen, opningstider og anna praktisk informasjon.
Gå til flyttesida
mor og barn foran Glasblokkene_foto

Bli med inn i nye Kvinneklinikken

I 2023 flyttar føde og barselomsorga frå den gamle Kvinneklinikken og inn i nye lokale i Barne- og ungdomssjukehuset. Her ventar eit trygt fødetilbod og ei familievenleg barselomsorg, der mor og barn alltid er saman. I det nye bygget vil kvinnene og familiane deira ikkje lenger måtte dele rom med andre slik dei må i dag.
Bli med inn i nye Kvinneklinikken
Illustrasjon mor med nyfødt, far og søsken på barselavdeling. Foto

    Energisenteret for barn og unge

    Energisenteret for barn og unge er ein integrert del av Barne- og ungdomssjukehuset. Dette er eit unikt pionerprosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Energisenteret skal gi eit tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem.
    Les meir om Energisenteret for barn og unge
    Inngangspartiet av BUS

    Bilde frå Barne- og ungdomssjukehuset

    Sjå flotte bilde frå det nye Barne- og ungdomssjukehuset vårt. Velkommen inn!
    Sjå alle bilde (flickr.com)
    Sittegruppe i BUS
    Sist oppdatert 14.08.2023