I Marie Joys' hus skal Barne- og ungdomsklinikken vere fram til det nye Barne- og ungdomssjukehuset står ferdig ved årsskiftet 2022/23. På den måten kan ein skjerme dei aller yngste pasientane for den pågåande byggeprosessen.
Marie Joys’ hus er eit sentralt element i den langsiktige arealutviklinga ved Haukeland universitetssjukehus. Bygget bidrar til å nå to viktige mål: For det første vil bygget gi ei betre mellombels løysing for Barne- og ungdomsklinikken medan ein ventar på innflytting i det nye Barne- og ungdomssjukehuset. For det andre vil bygget sikre kapasitet som gjer at ein på lengre sikt kan starte arbeidet med å modernisere sengepostane i Sentralblokka.
Dette er Haukeland universitetssjukehus sitt første passivhus. Bygget har ein enkel struktur som legg til rette for å få dette fram som eit godt miljøbygg.
Tal og fakta
Marie Joys’ hus har eit samla areal på 10300 kvadratmeter. Barne- og ungdomsklinikken brukar 9000 av desse, medan dei resterande 1300 skal brukast til andre formål på sjukehuset, som for eksempel biobank.
Andre tenestetilbod som har teke plass i bygget er radiologi, laboratorieverksemd og fysioterapi.
Bygget har fire etasjar over bakken, og to etasjar delvis under bakken. Sengepostane er hovudsakeleg enkeltrom, supplert med dobbeltrom i kvar fløy. Det er 72 sengar fordelt på tre etasjar.
Marie Joys’ hus blei tatt i bruk hausten 2016.
Byggeprosjektet hadde ei kostnadsramme på 380 millionar kroner.
Bygget som er kledd i tre på sørsida av Sentralblokka, er oppkalla etter Marie Joys (1872-1944). Ho var ein pioner innan norsk sjukepleiarutdanning, og var oversjukepleiar ved Bergen kommunale sykehus (seinare Haukeland sykehus) i 35 år. Ho var også med på å stifte Norsk Sykepleierskeforbund i 1912.
Sengebygg sør: Forprosjektrapport - (PDF, 21MB)Finn Marie Joys' hus på kartet
Kontaktinformasjon og avdelingar i Marie Joys’ hus
Sjå sida om dette bygget og om hvilke avdelingar som held til der.