Marie Joys' hus er eit bygg som stod ferdig hausten 2016. Du finn det sør for Sentralblokka på Haukelandsområdet, like ved helikopterdekket. Bygget husar no Barne- og ungdomsklinikken (tidlegare Barneklinikken) fram til Glasblokkene (nord for Sentralblokka) står heilt ferdig ved årsskiftet 2022/23.
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.